Hopp til innhold

Kan ha tatt ferja frå Oanes til Lauvik

Den sakna tobarnsmora Agnes Elisabeth Müller (36) kan ha blitt sett på ferja frå Oanes til Lauvik onsdag 16. april klokka 23.30 eller klokka 00.15 natt til skjærtorsdag 17. april, ifølgje politiet.

Stor leiteaksjon etter sakna kvinne i Forsand.

SJÅ TV-SAKA: Mange har delteke i søket etter den sakna kvinna onsdag.

Agnes Elisabeth Müller
Foto: POLITIET

Politiet og resten av leitemannskapa har avslutta søket etter den sakna tobarnsmora Agnes Elisabeth Müller (36), utan å ha gjort nokon funn. Det blir vurdert torsdag morgon om det skal søkast meir eller ikkje.

Vitnar meiner at den sakna kvinna frå Forsand kan ha blitt sett på ferja frå Oanes til Lauvik onsdag 16. april klokka 23.30 eller klokka 00.15 natt til skjærtorsdag.

Dette er politiets viktigaste spor, konstaterer politiførstebetjent ved Rogaland Politidistrikt, Arild Kleven, overfor NRK

– Vi er spesielt interessert i desse to ferjeavgangane, og oppfordrar personar som tok desse ferjene om å ta kontakt med oss. Folk tenkjer kanskje at dei ikkje har noko å bidra med, men for politiet vil det vere veldig viktig at dei tek kontakt, seier han.

Sakna i ei veke

Politi, redningsmannskap og frivillige har sidan onsdag ettermiddag søkt i sjøen ved Oanes ferjekai i Forsand. Agnes Elisabeth Müller har vore sakna sidan onsdag 16. april.

Ho vart sist sett på Oanes ferjekai om lag klokka 23 den kvelden. Politiet ønskjer å koma i kontakt med alle som var i området rundt ferjekaien eller Lauvik ferjekai i tidsrommet 23.00 til litt over midnatt den 16. april. Opplysingar om bilar og andre køyretøy i dette området er også av stor interesse for politiet.

16 personar frå Norsk Folkehjelp, 20 personar frå Raude kors og tre redningshundar har vore i søk i området.

Ståle Østerhus

LEIAR SØKET: Politiførstebetjent Ståle Østerhus

Foto: Svein Jacob Mathisen / NRK

– Me skal ha eit strandsøk som går i Høgsfjorden, ytre del av Lysefjorden og byrjinga av Frafjorden, som blir utført av tre båtar. Samstundes er det sett i gang søk langs vegen til huset der kvinna bur. Me kjem til å halda på med søket så lenge det er lyst, og dersom me ikkje rekk å fullføra søket i området me har planlagd, så held me fram i morgon, seier politiførstebetjent Ståle Østerhus.

Det er eit stort område som skal søkast i. Det er to mil frå ferjekaien til der kvinna bur.

– Familien har det vanskeleg

– Det er sjølvsagt ein vanskeleg situasjon for familien, men me har vårt hjelpeapparat på plass som har tatt kontakt med dei, og me har løpande kontakt med dei for å gi dei den hjelpa dei treng, seier ordførar Ole Tom Guse til NRK. Han stiller som mannskap i Norsk Folkehjelp.

– Kva gjer de utover kvelden no?

Ole Tom Guse

MED SOM LEITEMANNSKAP: Ordførar Ole Tom Guse (KrF)

Foto: KrF

– Eg stiller som mannskap i Norsk Folkehjelp og skal hjelpa til med strandsøk og søk langs vegane. Utover det er det politiet som styrer leiteaksjonen, seier han.

Det bur litt over 1000 menneske i Forsand, og ordføraren seier mange i kommunen ønskjer å hjelpa til i søket.

– Det har vore det store samtaleemnet i dag. Folk er uroa for familien og kva som kan ha skjedd med ho. I kveld har eg fått mange tilbakemeldingar frå folk som ønskjer vera med.

Oanes