NRK Meny
Normal

Tast ein for black metal, to for danseband....

Etter massiv kritikk for ventemusikken sin sjekkar nå Lyse-konsernet i Stavanger ut moglegheita for å gå nye vegar. – Dette kan revolusjonera ventemusikkverda, seier musikkbloggar Øyvind Berekvam, som sette i gang klagestormen.

Øyvind Berekvam i telefonen

Øyvind Berekvam er musikkbloggar. Det gjekk kaldt nedover ryggen hans då han blei sett på vent i kundetelefonen til Lyse.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Veldig bra med denne type engasjement. Me liker å ta kundane våre på alvor. Same kva dei meiner, seier kommunikasjonsrådgjevar i Lyse, Espen Schaiger, til NRK.no.

Derfor har konsernet, som leverer TV, internett og straum til kundar over heile Rogaland, nå sett i gang å undersøka moglegheita for sjølvvald ventemusikk i kundetelefonen deira.

Det heile starta med ein musikkbloggar, som hadde problem med TV-dekodaren sin.

– Det gjekk kaldt nedover ryggen på meg

– Eg hadde vore nede hos Lyse og henta ein ny dekodar, noko som gjekk fint, men då eg kom heim fekk eg problem med dekodaren og måtte ringa dei. Då fekk eg ein litt ekkel, 80-tals, klangfull instrumentalgreie med masse saksofon på øyra. Det gjekk kaldt nedover ryggen på meg, fortel han alvorleg.

Musikken gjorde så sterkt inntrykk på han at han skreiv ned eit par linjer på Twitter om opplevinga si.

– Der gav eg kundeservicen terningkast seks, medan eg gav ventemusikken terningkast to, seier han.

Det kom fort fram at han ikkje var den einaste som hadde blitt plaga av ventemusikken til Lyse. Mange samtykka og kom med forslag til kva dei sjølv helst ville ha som ventemusikk.

Men å ha musikk som tilfredsstiller alle er umogeleg. Derfor var det eitt forslag Berekvam blei ekstra tent på.

– Sjå føre deg at du kan velja din eigen ventemusikk. Tast ein for black metal, to for danseband og så bortover. Då blir det jo kjekt å venta i telefonen, seier han.

Fanga debatten opp

Lyse, som er til stades på sosiale media, fanga opp debatten. Nå har dei kontakta firmaet som leverer ventemusikken deira.

– Det er ein tredjepart som leverer denne tenesta til oss, og desse er me nå i dialog med. Me ser på om forslaga frå kundane kan realiserast. Både når det kjem til endringa av musikken, men også når det kjem til eige val av ventemusikk, seier Schaiger.

Sjølv meiner han at «Hold the Line» med Toto hadde vore ein bra song å venta i telefonen til.

Musikkbloggar Øyvind Berekvam har ei heil drøss med ventesongar i ermet: «Tired of Waiting for You» med The Kinks, «Hallo, Hallo» med Knudsen og Ludvigsen, «Ring Ring» med Abba eller «Hanging on the Telephone» med Blondie.

Han kryssar nå fingrane for at det skal bli betre å venta i telefonen i framtida.

– Eg veit at dei vil ha kundar over på internett og slike ting, men det er framleis mange som vil bruka telefonen. Og viss dei først skal venta, kvifor ikkje la dei velja sin eigen musikk, avsluttar han.