Hopp til innhold

Kan få legehelikopter 20 minutt unna

Indre Ryfylke er i dag ein av få plassar som framleis har manglande akuttberedskap. Planar om legehelikopter i Vinje kan forandra på dette.

Helikopter på luftamulansens base

Indre Ryfylke kan komma til å nyta godt av ein ambulansesentral i Vinje (arkivfoto).

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Ryfylke-kommunane gir sin fulle støtte til Vinje kommune i Telemark som ønsker ein ambulansehelikoptersentral.

Dette vil bety mykje for akuttberedskapen i Ryfylke, meiner dagleg leiar i Ryfylke IKS, Torkel Myklebust.

– Dersom ein får etablert ein base i Vinje vil det vera veldig nyttig for Suldal, Røldal og fjellområda mot Bykle og i Vinje.

Ryfylkerådet går for Vinje

Torkel Myklebust - Ordfører Suldal (Sp)

Torkel Myklebust, dagleg leiar i Ryfylke IKS.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Indre Ryfylke er i dag ein av få plassar som framleis ikkje har akuttberedskap med ei såkalla responstid der lege skal vera på plass innan 20 minutt.

I Telemark er det nå ein dragkamp mellom Notodden, Skien og Vinje om å få ein ambulansehelikoptersentral. I Vinje tok ordføraren med stoppeklokke for å sjekka kor dårleg det stod til.

Ein base i Vinje vil kunna dekka behovet i Indre Ryfylke. Det vil ikkje ambulansehelikopter i Notodden eller Skien, ifølge Myklebust.

– Ryfylkerådet har diskutert dette og slutta seg til ein uttale der ein går inn for Vinje. For vår del er det viktig at sentralen kjem lengst mogleg mot vest.

Jon Rikard Kleven

Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Vinje kommune jobbar hardt for å vinna kampen om ambulansehelikopteret. Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven skal til Oslo onsdag for å møta helsepolitikarar på Stortinget, og er svært glad for støtta frå Ryfylke-kommunane.

– Det hjelper veldig når Ryfylkerådet støttar dette. Dei vil få nytte av dette, noko dei ikkje får dersom basen kjem i Skien, seier han.

Stortinget avgjer

Det blir truleg Stortinget som til slutt bestemmer kor ambulansehelikoptersentralen skal bli plassert.

Stortingsrepresentant i Helse- og omsorgskomiteen, Olaug Bollestad (KrF), har ikkje sett seg heilt inn i saka, men seier Vinje har viktige argument.

– Dersom dette er eit hol som har lenger responstid enn 20 minutt, synst eg det er eit viktig argument. Folk i Ryfylke og Vinje blør ikkje seinare enn folk i sentrale strøk.

Fullt så positiv er ikkje stortingsrepresentant Sveinung Stensland (H). Han vil heller han ein ambulansesentral i Haugesund, der dei alt har eit akuttmedisinsk miljø.

– Ein ting er omsynet til responstid, ein annan ting er omsynet til kor mange som bur i regionane. Vinje verkar som eit alternativet der vegen er lang å gå fordi her må ein bygga opp eit akuttmedisinsk miljø.

Helikopterbaser i Norge

Helikopterbasar i Norge (kart frå 2013).

Flere nyheter fra Rogaland