– Han risikerer tortur om han blir utlevert

Han er sikta for å ha vore med på folkemordet i Rwanda. Måndag startar rettsmøte der tingretten skal ta stilling til om han skal utleverast til heimlandet sitt.

Sikta for medverknad til folkemord

Rwanda har bedd om å få utlevert denne mannen, som har budd i Norge dei siste 14 åra. Stavanger tingrett har sett av fire dagar til å behandla saka.

Foto: Lise Åserud / Magnar Larsen / NTB scanpix

Brynjar Meling

Brynjar Meling er advokaten til mannen frå Rwanda, som er sikta for å ha hatt ei rolle i folkemordet i Rwanda.

Foto: Øijord, Thomas Winje / SCANPIX

Det var i slutten av mai i fjor Kripos arresterte ein rwandar i starten av 40-åra, som dei siste 14 åra har budd i Norge. Dei sikta han for å ha vore med på det brutale folkemordet, som skjedde i Rwanda i 1994.

Den sikta mannen, som både har familie og jobb på Nord-Jæren, har sitte fengsla sidan. Han meiner sjølv at han er uskuldig. På måndag startar rettsmøte, som går over fire dagar, der Stavanger tingrett skal ta stilling til om mannen skal bli utlevert til Rwanda eller ikkje.

Fryktar tortur

Det er Brynjar Meling, som er advokat for rwandaren, han har brukt store delar av vinterferien til å klargjera seg for den omfattande saka.

– Når det kjem til informasjonsmengde er dette den mest massive saka eg har vore borti gjennom mine 20 år som advokat, seier Brynjar Meling.

Han meiner at norske styresmakter ikkje bør utlevera klienten hans.

– Dersom han blir sendt til Rwanda risikerer han ei rettsbehandling som ikkje er i tråd med rettferdig rettargang. Han kan også risikera å bli utsett for tortur om han blir sendt tilbake. For det må vera lov å peika på at Kagame-regimet er eit av dei mest strenge diktatura me har i verda, seier Meling.

Han trekk fram at ein av president Paul Kagame sine politiske motstandarar blei funnen drepen på eit hotell i Sør-Afrika i januar i år. Presidenten sitt hemmelege politi er knytte til drapet, og kort tid etter åtvara Kagame forrædarar av Rwanda med at forræderi vil få konsekvensar, ifølgje BBC.

– Det er dette regimet klienten min risikerer å bli heimsendt til, avsluttar Meling.

– Kva tenker klienten din om at han kan bli sendt tilbake til Rwanda?

– Det er klart at ein person som meiner at han er uskuldig skulda med fabrikkerte bevis er svært uroleg for korleis eit eventuelt møte med rettsapparatet i landet, som fabrikkerte bevisa, vil bli.

Meling seier vidare at klienten hans ikkje er redd for å stå til ansvar for skuldingane mot han i ein norsk domstol, men han er svært redd for kva som vil skje med han dersom han blir utsendt.

President Kagame i Rwanda

President, Paul Kagame i Rwanda, har åtvara forrædarar om at forræderi vil få konsekvensar.

Foto: RUBEN SPRICH / Reuters

– Skal ha oppfordra til drap

Politiadvokat i Kripos, Per Zimmer, fortel at dei har drive ei parallell etterforsking med styresmaktene i Rwanda. Og at denne etterforskinga uansett vil halda fram, dersom mannen ikkje blir utlevert til Rwanda. Men at det berre er utleveringa som skal opp i rettsmøte på måndag.

– Rwandiske styresmakter har sendt over ei sikting der dei begjærar den sikta utlevert. Siktinga handlar om ulike medverknadshandlingar knytt til folkemordet i Rwanda i 1994, seier han.

– Kva type medverknad er det snakk om?

Per Zimmer

Per Zimmer i Kripos er politiadvokat.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Eg kan ikkje gå i detalj rundt siktinga, sidan den ikkje er offentleg, men det er jo slik at me også frå norsk side har etterforska denne saka, og dei to etterforskingane overlappar kvarandre i ganske stor grad. Han er mistenkt for å ha vore med i møter der det har blitt planlagt drap og han er mistenkt for å ha oppfordra til drap, seier Zimmer.

– Kva type straff kan han få for dette?

– I norsk rett er strafferamma 21 år, men i Rwanda kan han få livstidsdom.

20 år sidan

Den 6. april i år er det nøyaktig 20 år sidan det brutale folkemordet i Rwanda byrja. I det afrikanske landet er minnemarkeringa allereie i gang ved at ein fakkel er på tur gjennom heile landet, det blir i tillegg heldt internasjonale konferansar om folkemord i Kigali, New York, London, Addis Abeba og Washington DC.

Minnemarkeringa har fått namn «Kwibuka20». «Kwibuka» betyr «å hugsa» på Kinyarwanda, som er det offisielle språket i Rwanda.

Å hugsa er også noko norske styresmakter gjer ved å etterforska denne type saker, ifølgje politiadvokaten.

– Generelt sett har krigsbrotsverk og brot på internasjonal straffelovgiving ein internasjonal dimensjon, som har med fred og forsoning å gjera. Norge har tatt på seg rolla med å etterforska denne type saker, og det er ein politisk vilje til det. I dette perspektivet er det viktig å straffefølgja slike saker, sjølv om det har gått lang tid, avsluttar Zimmer.

Trur at han får bli i Norge

Brynjar Meling kjenner seg trygg på at klienten hans ikkje vil bli sendt til tilbake Rwanda.

– Det ville vore alvorleg om han blei sendt tilbake, og eg har tillit til at retten også ser alvorleg på dette. I tillegg har me god dokumentasjon på praksis frå andre land der det har blitt nekta utlevering på dette grunnlaget, seier Meling.

– Me har eit godt håp om at Rwanda ikkje vil bli gitt medhald i si begjæring om utlevering, avsluttar han.