Normal

Kan bli slutten for bygdelister

Samanslåing av kommunar kan føra til at dei tradisjonelle bygdelistene blir skvisa ut av lokalpolitikken.

Tuastad om bygdelister

Statsvitar Svein Tuastad, ved Universitetet i Stavanger, meiner at kommunesamanslåing kan slå negativt ut for det lokale politiske engasjementet. På bilete til venstre kan ein sjå stemmesetelen til Nærbølista, som er det største partiet i Hå kommune.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

I Hå kommune er Odd Øverby og Magnar Matningsdal i full gang med å stifta ei ny bygdeliste, som skal stilla til val i haust. Samlingsliste for Søre Hå heiter lista som skal setja den sørlege delen av kommunen i fokus. Per dags dato er det bygdelista Nærbølista som er det største partiet i annleiskommunen.

Odd Øverby og Magnar Matningsdal i Samlingsliste for Søre Hå

STARTAR NY BYGDELISTE: Odd Øverby og Magnar Matningsdal har begge gått til val for etablerte politiske parti, men nå dannar dei ny bygdeliste i Hå.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det er eit lokalt politisk engasjement og ei misnøye med partia som styrer, som gjer at denne lista blir til, seier Øverby som tidlegare har lang fartstid i Sosialistisk Venstreparti, men som nå heller vil gå til val for ei bygdeliste.

Tal frå UNI Rokkansenteret syner at talet på kommunar der ein kunne stemma på listeparti var historisk lågt ved førre kommuneval i 2011, og med kommunereforma for dør trur statsvitar ved Universitetet i Stavanger at framtida for bygdelistene ser mørk ut.

– Bygdelistene er ikkje skapt for ideane og logikken i kommunereforma. Medan bygdelistene vil slåst for ei bygd eller ein mindre region sine interesser, er tanken bak kommunereforma store og sterke kommunar der ein ser på heilskapen, seier statsvitaren.

– Mindre poeng i å stemma på bygdelister

Det er også ein reint logisk tankerekke bak utspelet. Blir kommunen større, blir den nedslagsfeltet til den lokale bygdelista mindre i prosentdel.

– Det blir mindre poeng i å stemma på dei, seier Tuastad.

Kommunar over heile landet er nå i full gang med å sjå på konsekvensar ved samanslåing av kommunar, og viss regjeringa får det som ho vil kan dei første samanslåingane skje allereie i 2018. På Jæren ser Jærrådet på moglegheitene for å slå saman Hå, Time og Klepp.

– Det ville vore veldig vanskeleg for oss å få til Samlingsliste for Søre Hå hadde me vore ein stor Jærkommune i dag, seier Odd Øverby. Og den nye lista har også programfesta at dei er imot ein storkommune på Jæren.

Meir om kommunesamanslåing:

Demokratisk kostnad ved samanslåing

– Lokaldemokratiet kan bli svekka når det kjem til avstand mellom politikar og den enkelte borgaren, og det kan vera ein demokratisk kostnad ved kommunereforma. Styrken er at ein ser heilskapen betre, seier Tuastad.

Tuastad understrekar likevel at lister som baserer seg på enkeltsaker framleis vil ha grunnlag til å oppstå og forsvinna i storkommunar.

Laster kart, vennligst vent...

Jærrådet ser på konsekvensar ved å slå saman Time, Hå og Klepp til ein stor Jærkommune.