Hopp til innhold

Kan bli publikumsrekord i meisterliga-debuten til Avaldsnes mot Europas beste

Når Avaldsnes tar imot suverene Lyon og landslagsprofil Ada Hegerberg i sin debut i meisterligaen onsdag, kan det bli den best besøkte klubbkampen i norsk kvinnefotball.

Historisk meisterligakamp for Avaldsnes.

KLARE FOR KAMP: Gerard Precheur (trenar Lyon), Camille Abily, Ada Hegerberg, Svein Hegland (marknadssjef Avaldsnes) og Kent Michael Bøe (trenar Avaldsnes) på dagens pressekonferanse på Haugesund stadion.

Avaldsnes-damene får verkeleg testa kva dei er gode for på Haugesund stadion onsdag.

I meisterligadebuten møter dei nemleg regjerande meisterligavinnar Lyon. Det franske storlaget har ikkje tapt ein einaste kamp dei siste to åra (siste tap mot PSG i november 2014) – og står med imponerande 48 strake sigrar i serie og e-cup.

– Klare favorittar

Ada Hegerberg

Ada Hegerberg, Lyon.

Foto: Anders Fehn

Den norske landslagsstjerna Ada Hegerberg har ennå ikkje tapt ein kamp med Lyon. Ho er fullstendig klar over favorittstempelet dei har mot karmøylaget.

– Me er klare favorittar, men det blir ingen lett kamp. For oss er kvar kamp like viktig og me tar kvar motstandar like seriøst. Me legg alltid press på oss sjølv for å få ut det beste, sa ho på pressekonferanse før kampen, på Haugesund stadion i dag.

Ho meiner Avaldsnes har eit godt lag, noko dei har vist i Toppserien over tid.

– Det er artig å vera tilbake i Norge og visa nivået laget mitt har. Champions League på heimebane i Norge er kult, seier Lyon-spelaren.

Publikumsrekord

Maren Mjelde

Maren Mjelde, Avaldsnes.

Foto: Anders Fehn

Avaldsnes sitt målt var 3000 selde billettar til meisterligadebuten på Haugesund stadion. Tysdag var dei alt passert målet. Det betyr at dette blir tidenes best besøkte kamp i norsk kvinnefotballs historie, dersom ein ser vekk frå cupfinalar.

– Det er veldig bra me mykje interesse, og det er slik det skal vera. Det er Champions League og Norge har med to lag. Då er det viktig at det er bra trykk rundt kampane, meiner Ada Hegerberg.

Også Avaldsnes-spelarane gler seg naturleg nok til den historiske kampen – og rekordmange på tribunane.

– Dette blir nok den best besøkte klubbkampen i norsk kvinnefotball. Det er me veldig stolte over å få vera med på, seier Maren Mjelde.

Kyniske

Andrine Tomter

Andrine Tomter, Avaldsnes.

Foto: Anders Fehn

Ho seier Avaldsnes-spelarane er topp motiverte for å møta europas beste klubblag og at dei har ingenting å tapa.

– Eg trur det viktigaste er at me går utpå og trur at me kan øydelegga mest mogleg for Lyon, og gjerne vera litt kyniske. Me går utpå for å få ei god oppleving. Det blir det for norsk kvinnefotball uansett utfall.

Ho lovar også at dei franske stjernene skal få kjenna at dei møter eit fysisk sterkt norsk lag – og poengterer at det skal gjera litt vondt å møta norske spelarar.

– Dei skal ikkje få det så lett.

Også Avaldsnes-kollega Andrine Tomter er optimist.

– Me har lagt ein god plan og dette blir veldig gøy. Me møter ein utruleg god motstandar, men er klare for å gi dei kamp.

– Er de optimistar?

– Ja, det er me, svarer Andrine Tomter kontant.