Hopp til innhold

Kan bli panteordning på gamle vedomnar

Nye vedomnar kan redusera utsleppa av svevestøv med ein tredjedel. No vurderer politikarane i Stavanger å innføra panteordning på gamle vedomnar, for å betra luftkvaliteten på kalde dagar.

Gammel vedovn og vedfanger

Politikarane i Stavanger vurderar om no om folk skal få eit tilskot for å kvitte seg med gamle vedomnar.

Foto: Vegar Erstad / NRK

– Dei nye omnane har 82 prosent mindre utslepp enn den gamle typen. Me kan redusere utsleppet av svevestøv med ein tredjedel med dei nye, seier dagleg leiar i Stavanger varmesenter, Stein Helge Jansen.

Kalde dagar har gitt dårleg luftkvalitet i Stavanger. Og fyring i gamle vedomnar, laga før 1998, får delar av skulda for det.

Leif Arne Moi Nilsen

Leif Arne Moi Nilsen i Stavanger Frp vil redusera talet på gamle vedomnar i Stavanger.

Foto: Erik Waage / NRK

Det er også grunnen til at politikarane i Stavanger no vurderer å innføra ei panteordning for dei gamle omnane.

– Me tenkjer at det må vera ei panteordning slik som det er i andre byar. Dersom dei byter ut vedomnen med ein ny vedomn, så får dei eit tilskot, seier Leif Arne Moi Nilsen i Stavanger Frp.

– Kan bidra til å løysa delar av problemet

Han ser føre seg 5000 kroner i pant som kan gå til ny omn eller varmepumpe. Ordninga har allereie blitt innført i Bergen og Oslo, og der har erfaringane vore gode, fortel Moi Nilsen.

– Viss me kan løyse ein tredjedel av dette luftproblemet berre ved å innføra ei panteordning på omnar så synst eg at me er langt føre, seier Moi Nilsen.

Og han for støtte for forslaget på Varmehuset i Stavanger.

– Dersom me får ei panteordning, så vil me heilt klart få ei større utskiftingsgrad på omnane. Det vil vera fornuftig for miljøet at me får skifta ut alt som er av gamle omnar, seier Jansen.

Stein Helge Jansen

Stein Helge Jansen på Varmehuset i Stavanger sitt framfor ein moderne vedomn. Han meiner ein kan redusera utsleppa kraftig om fleire byter ut den gamle omnen.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Korleis du fyrer er vel så viktig

Men ifølgje dei som feiar pipene er det ikkje berre kor gamal omnen er som avgjer kor mykje svevestøv som slepp ut.

Stian Skårland

Feiar Stian Skårland meiner det er vel så viktig å fyre riktig.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Det kjem heilt an på den som fyrer, seier feiar Stian Skårland.

For ifølgje han nyttar det lite om du har ein ny vedomn, dersom du fyrer feil. For å sikre minst mogleg utslepp av svevstøv, må du difor følgje dette rådet.

– Nok trekk, og tørr ved, då er du på god veg, seier Skårland.