Hopp til innhold

Kan bli fleire forkjørsvegar

Statens vegvesen vil ha mindre vikeplikt og meir forkjørsrett på hovudvegane i Stavanger.

Forkjørsveier Stavanger

Ullandhaugvegen er ein av 20 vegar i Stavanger som kan bli forkjørsveg.

Foto: Ole Andreas Bø

Vegvesenet planlegg å gjera opp mot 20 vegar i Stavanger om til forkjørsvegar. Dette for å få betre trafikkflyt og færre ulukker.

– Dette kan ha mange positive effektar. Mellom anna kan det betra tryggleiken og føra til betre flyt i trafikken, seier Helge Ytreland, overingeniør i Statens vegvesen.

– Forvirrande

Helge Ytreland

Helge Ytreland, overingeniør i Statens vegvesen.

Foto: Ole Andreas Bø

Han seier det i dag kan vera rimeleg ulogisk å måtta stansa for bilar til høgre når ein køyrer på ein hovudveg.

Den trafikkerte Ullandhaugvegen er ein av vegane som dagleg skaper hovudbry for bilistane. Opp bakken frå Brustadbua må ein stansa for bilar til høgre.

Men ikkje alle er klar over dette, og det kan føra til farlege situasjonar.

– Det kan vera forvirrande. Dersom ein ikkje oppfattar at ein skal stansa, kan utfallet i verste fall bli ei ulukke, seier Ytreland.

– Lettare å ta lappen

Ein av dei som er positive til fleire forkjørsvegar i Stavanger er køyrelærar Jørgen Lysholt ved Haugsgjerd trafikkskole. Han trur mindre vikeplikt vil gjera det lettare å ta førarkortet.

– Det blir eit moment mindre å passa på for dei som skal ta sertifikatet, seier han.

Endringane gjeld førebels berre for Stavanger kommune, men Vegvesenet vil ha fleire forkjørsvegar i heile landet.

I Stavanger er arbeidet heilt i startfasen. Dessutan er det politikarane som har siste ordet før Vegvesenet kan gå i gang med omskiltinga.