NRK Meny
Normal

Kjempar for full aksept

I løpet av året kan Det norske MMA-forbundet bli medlem av Norges idrettsforbund. – Eit medlemskap vil vera eitt steg nærmare full aksept av idretten, seier kommunikasjonsansvarleg Thomas Rye Eriksen.

Berre i 2016 har Det norske MMA-forbundet fått inn åtte nye klubbar på medlemslista si. Samla er dei nå godt over 6000 medlemmar, og meiner sjølv at det er på høg tid at dei blir tekne inn i varmen hos Norges idrettsforbund.

VIDEO: «Herjer MMA» er ein av om lag 60 MMA-klubbar i Norge. Vegard Arentz Randeberg og Geir Kåre Cemsoylu Nyland er ikkje i tvil om kvifor idretten har blitt så populær.

Kampsporten MMA (Mixed martials arts) blir stadig meir populær. Både ute i verda og i Norge.

Berre i 2016 har Det norske MMA-forbundet fått inn åtte nye klubbar på medlemslista si. Samla er dei nå godt over 6000 medlemmar, og meiner sjølv at det er på høg tid at dei blir tekne inn i varmen hos Norges idrettsforbund.

– I sommar har me truleg klar ein søknad til Norges idrettsforbund. Me ønsker å jobba innanfor NIF sitt rammeverk og på den måten nyta same respekt som andre kampsport-idrettar i Norge, seier kommunikasjonsansvarleg Thomas Rye Eriksen i Det norske MMA-forbundet.

– Ser meir brutalt ut enn det faktisk er

Trass populariteten er det ulovleg å konkurrera i MMA med «knockout» i Norge, og med ujamne mellomrom kjem det kraftig kritikk mot sporten og dens brutalitet.

Eitt av dei ferskaste medlemmene i forbundet er «Herjer MMA» i Haugesund.

Dette treningssenteret er det Vegard Arentz Randeberg og Geir Kåre Cemsoylu Nyland, kjent som vinnaren av NRK-programmet Norges tøffaste, som står bak. Dei meiner idretten har fått eit ufortent dårleg rykte.

– Det er god underhaldning og det er ikkje så farleg som mange kanskje trur, seier Cemsoylu Nyland.

– Det er kampsport og det er brutalt, me skal ikkje legga skjul på det, men det ser meir brutalt ut enn det faktisk er, skyt Arentz Randeberg inn.

Ein av dei som forstår kritikken er John Arild Birkeland, som har vore jiu-jitsu-trenar i meir enn 30 år.

– Fullkontakt-idrett er hardt og brutalt. Då handlar det om å knocka ut motstandaren med tøffe slag og spark. Derfor er det naturleg at det kjem hard kritikk mot det, seier han.

Francis Carmont Costa Philippou

Ultimate Fighting (UFC) MMA er ein stor TV-idrett i USA. Norges idrettsforbund trur at MMA-søknaden som kjem inn til dei vil ha andre verdiar enn det som blir vist på TV.

Foto: Chris Young / Ap

– Siktar mot «knockout»

Trass kontroversar rundt idretten trur ikkje Rye Eriksen at det blir problem å koma inn i NIF.

– NIF vera tente med at ein så populær idrett ikkje opererer utanfor forbundet deira, seier Rye Eriksen.

Leiar for idrettspolitisk avdeling i NIF, Per Tøyen, er kjent med at søknaden kjem.

– Den MMA-idretten som det skal søkast om er nok ganske fjern frå UFC-MMA som me ser på TV2. For slik MMA blir vist på TV er ganske langt unna dei idrettane me har i forbundet vårt, seier Tøyen.

Han legg til at dei vil behandla søknaden på lik linje med søknader frå andre idrettar, der det blir stilt krav om at det ikkje er profittbasert og krav til geografisk utbreiing.

Dersom Det norske MMA-forbundet blir tekne opp er det neste dei vil kjempa for at det skal bli lovleg å konkurrera på norsk grunn med «knockout».

– Det er neste steg, men det ligg nok langt framme endå. Me vil ikkje at det skal gå på kostnad av helse og tryggleik, seier Rye Eriksen.