NRK Meny
Normal

Kan bli 0 kroner i bompengar i eitt år

Det kan bli eit bompengefritt år på Nord-Jæren dersom arbeidet med den nye bompengepakken går treigare enn planlagt, ifølge samferdslesjef Gottfried Heinzerling i Rogaland fylkeskommune.

Tjensvollkrysset

Bypakke Nord-Jæren inneber 38 bomringar rundt sentrumsnære område. Ein av dei skal opp nær Tjensvollkyssset i Stavanger.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– I verste fall risikerer me at bommane blir tatt ned for så å bli sett opp eit halvt eller eitt år seinare på ein ny måte. Det blir for dumt, seier Heinzerling til NRK.

Derfor må me passa på god framdrift i prosessen med den nye bompengepakken på Nord-Jæren, poengterer samferdslesjefen.

Den nye bompengepakken for Nord-Jæren, som skal gjelda frå 1. januar 2017, har skapt mykje rabalder og blei vedtatt i fylkestinget i desember i fjor.

Krev «ekspressfart-behandling»

Janne Johnsen

Fylkesordførar Janne Johnsen på vegvesen sitt møte med media onsdag.

Foto: Magnus Stokka

På Statens vegvesen sitt årlege møte med journalistar i vegvesenet sine lokale i Lagårdsveien i Stavanger i dag, påpeika fylkesordførar Janne Johnsen kor viktig det er med «ekspressfart-behandling» av bompengepakken.

– Me har påpeika mange gonger at saka må trykkast gjennom departementet for å nå stortingsbehandlinga i haust. Det er viktig for meg å presisera at her har me dårleg tid, seier Johnsen til NRK.

Satsane står ved lag

Ifølge fylkesordføraren får ikkje ein eventuell «fri bompengeperiode» noko å seia for bompengesatsane som er vedtatt.

– Satsane som er vedtatt står ved lag med mindre staten kjem med meir pengar. Men uansett betyr dette at vegar og bussvegar blir forseinka, og eg synst me er seint ute frå før, seier Johnsen.

Må bestemma kor bomstasjonane skal vera

Ifølge Heinzerling er det nå viktig at den nye bompengepakken blir raskt behandla i Stortinget. I tillegg må ein i løpet av året bestemma kor bomstasjonane skal vera.

– Men kva er risikoen for at dette skjer, at bommane på Nord-Jæren blir tatt ned for ein periode?

– For tida liten, eg er optimist og ser at prosessen er godt i gang, avsluttar Heinzerling.