Hopp til innhold

– Bompengane må brukast på Gandsfjord bru

Arbeidarpartiet krev at milliardbeløp til Gandsfjord bru, må koma inn i den nye bompengepakken, Bypakke Nord-Jæren. Då må andre prosjekt ut, eller rushtidssatsen må bli høgare enn 45-46 kroner, seier Høgre.

Tom Tvedt frå Arbeiderpartiet

Tom Tvedt frå Arbeidarpartiet vil ha inn Gandsfjord bru i Bypakke Nord-Jæren

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Tom Tvedt frå Arbeiderpartiet signaliserte i Fylkesutvalet at Gandsfjord bru må inn i Bypakke Nord-Jæren.

– Viss ikkje så er det svært vanskeleg for Arbeidarpartiet å støtte innføring av ein ny bompengering på Nord-Jæren, seier Tvedt.

Auke takstane endå meir?

Elin Schanche, som er gruppeleiar for partiet Høgre i fylkeskommunen, spurde Tvedt om kor pengane til Gandsfjord bru skal hentast frå. Eventuelt om det er greitt å auke bompengesatsen endå meir.

– Nei, svarar Tom Tvedt.

– Me skal ikkje ta ut nokre prosjekt. Men dette har med rettferd å gjera. Når innbyggjarane i Sandnes bidrar med mykje bompengar, så må dei også få noko igjen.

Det blir for dyrt

Foreløpig har administrasjonen anslått bompengetaksten i rushtida til å vera om lag 45-46 kroner, når ordninga startar opp 1.1. 2017.

– Dette er for høge beløp for innbyggjarane i området, seier Tom Tvedt.

Det blir ei løysing

Arne Bergsvåg, gruppeleiar for Senterpartiet, er også sympatisk innstilt til at Sandnes skal få Gandsfjord bru inn i bompengepakken. Men samstundes signaliserer han tydleg at han er på leit etter å bli samd med dei andre partia.

– Me skal gjere vårt beste for å bli enige om ei løysing, sa han i sitt innlegg.

Etter kvart som dei andre partia tok ordet, var også tonen derfra at dei er positive til å koma fram til ei semje.

Men kva som blir innhaldet i bompengepakka og kva som blir bompengesatsen, det er ennå usikkert.