Hopp til innhold

Kamp om studentar: – Det er vanskeleg å få tak i dei beste hovuda

Dette året er det rekordmange bedrifter som tilbyr sommarjobbar til studentar. Målet er å rekruttere dei inn i faste jobbar.

To sommarvikarar i arbeid hos Lærdal Medical i Stavanger

Det er mange bedrifter som vil ha tak i ingeniørstudentar i år.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– Dei var veldig på meg. Eg fekk jobb sjølv om eg søkte ganske seint, seier Ludvig Brandsæther Ellingsen. Han har eitt år igjen av sivilingeniørstudia på Universitetet i Stavanger.

Ludvig Brandsæther Ellingsen, sivilingeniør-student UiS

Ludvig Brandsæther Ellingsen, sivilingeniør-student UiS

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Denne sommaren jobbar han hos Lærdal Medical i Stavanger, saman med medstudent Astrid Korsmo. Dei jobbar blant anna med å utvikle medisinske produkt.

Begge opplever at bedriftene er interesserte i å knytte dei til seg.

– Det er jo eit lengre jobbintervju eg er på nå, seier Ludvig, som meiner at sommarjobben er perfekt med tanke på å finne ut om Lærdal er rette staden for han.

– Om eg søkjer på fast jobb her, så kjenner dei meg frå før. Samstundes veit eg då ein god del om firmaet, og det må jo vera positivt for begge partar, seier han.

Nå er det mangel på arbeidskraft

Frå januar til april blei det lyst ut 38 400 sommarjobbar her i landet. Det er 63 prosent fleire enn i fjor og nesten dobbelt så mange som i 2019, opplyser NAV.

Flest sommarjobbar er det innan helse, pleie og omsorg. Deretter følger serviceyrke, reiseliv og transport.

Lærdal Medical treng nye ingeniørar for å utvikle helseteknologi-produkta sine

Lærdal Medical treng nye ingeniørar for å utvikle helseteknologi-produkta sine

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

NAV har samanliknbare tal tilbake til januar 2018, og innan mest alle yrkesgrupper er det lyst ut fleire feriejobbar i år enn før.

Berre for april blei det lyst ut fleire sommarjobbar enn det blei lyst ut i nokon andre månader i åra 2018–2021.

Gustav Svane, seniorrådgjevar NAV, Rogaland

Gustav Svane, seniorrådgjevar NAV, Rogaland

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– Det er vanskeleg å få tak i dei med rett kompetanse, seier seniorrådgjevar Gustav Svane i NAV Rogaland.

– Også dei nyutdanna er attraktive på arbeidsmarknaden, om dei har den rette bakgrunnen, seier han.

Tar grep

Heile 63 sommarvikarar har Lærdal Medical tilsett dette året. Det er ny rekord for helseteknologibedrifta. Det same er tilfelle for mange andre selskap.

Hos Lærdal Medical merkar dei at det er eit skifte i arbeidsmarknaden, og at dei må stå på for å sikre seg ung arbeidskraft.

Ane Aarthun, HR-rådgjevar Lærdal Medical

HR-rådgjevar Ane Aarthun prøver ut sommarjobb som ein måte å rekruttere dei rette unge medarbeidarane

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– Det er vanskeleg å få tak i dei beste hovuda, men me prøver å gjera det me kan for å marknadsføra oss, seier HR-rådgjevar Ane Aarthun.

– Og då hjelper det å gi mange ungdommar tilbod om sommarjobb?

– Me håper det, seier ho.

Håp om fast jobb

Ludvig Brandsæther Ellingsen seier han har hatt ei fin tid hos Lærdal Medical, og han merkar at bedrifta er på tilbodssida.

– Dei gjer seg lekre, og det er gode tilbod om å få jobb, seier han.