Hopp til innhold

Sjåføren kjefta og tok busskortet frå Kaja (11) på grunn av Kolumbus-tabbe

– Eg blei lei meg, seier Kaja (11) om bussturen sin heim frå skulen i går. Ho opplevde at bussjåføren kjefta på ho, truga med å kasta ho av og tok frå ho mappa med busskortet og alle kvitteringane frå tidlegare kortkjøp. Nå legg busselskapet seg flate.

Kaja Serine Susort

Kaja Serine Susort går på ein kristen privatskule på Ganddal i Sandnes. Ho er derfor avhengig av buss for å koma seg heim til Bogafjell.

Foto: Privat / Kolumbus

Direktør i Kolumbus, Odd Aksland

Direktør i Kolumbus, Odd Aksland, seier at dei beklagar hendinga, og at dei vil dekka utgiftene Kaja har fått på grunn av det som skjedde på veg heim frå skulen i går.

Foto: Kolumbus

– Ho hadde betalt, men bussjåføren registrerte feil type kort då ho betalte, fortel Jostein Susort, som er far til Kaja på 11 år.

Han opplevde torsdag ettermiddag at Kaja kom grinande heim frå skulen etter ei svært ubehageleg bussreise. Bussjåføren hadde truga med å kasta ho av og i tillegg teke frå ho busskortet som ho hadde betalt for.

Årsaka var at Kaja Serine hadde eit periodekort, men at det var oppdatert som eit ungdomskort. Sidan Kaja er 11 år er ho for ung for ungdomskort. Men det er busselskapet Kolumbus sjølv som har oppdatert kortet hennar til feil type.

– Eg var sjølv med då Kaja fornya kortet, og det blei aldri sagt at det skulle oppdaterast til ungdomskort. Det er bussjåføren som må ha trykka på ungdomskort i staden for periodekort. Han burde kunne sjå at Kaja ikkje er 15 år, fortel Susort.

– Eg synst at dei skal oppføra seg fint

Kaja fortel at det var ein heilt vanleg dag heim frå skulen. Ho hadde kome med buss frå Ganddal til Sandnes sentrum og skulle ta buss nummer 16 heim til Bogafjell.

– Eg peip kortet og sette meg. Så spurte bussjåføren om han kunne sjå på kortet mitt. Eg gav det til han, og han peip det på ny. Då sa han at det var eit ungdomskort og at han måtte ta det.

Han tok kortet, som ho har i ei mappe saman med alle kvitteringane, frå ho. Han meinte eigentleg at ho burde bli att i Sandnes sentrum, men det sa Kaja at ho ikkje fant seg i.

– Derfor lét han meg få sitja på heim, fortel ho.

– Korleis snakka han til deg?

– Han var streng. Det var litt slemt for eg synst at dei skal oppføra seg fint.

– Kva tenkte du då du sat på bussen?

– Eg var lei meg og tenkte at det ikkje skal vera slik. Eg hadde jo betalt for kortet, seier Kaja.

Beklaga situasjonen – men ville ikkje koma med nytt kort

Då Kaja kom grinande heim utan busskortet sitt kasta faren seg på telefonen til Kolumbus.

– Der blei eg møtt med ein arroganse som ikkje likna nokon ting. Dei sa at ho Kaja kanskje kunne få bot for det som hadde skjedd, fortel Jostein Susort.

Etter kvart, når Jostein fekk forklart seg betre, endra tonen sin.

– Til slutt beklaga dei episoden. Men dei var likevel ikkje villige til å ordna opp. Kaja skulle jo på skulen neste dag og hadde ikkje busskortet sitt, fortel han.

Derfor meinte han det ville vera riktig at dei kom til Bogafjell med kortet.

– Men det var det ikkje snakk om. Anten kunne eg reisa heilt ut til Stavanger for å henta det, eller kunne dei senda nytt i posten, fortel Susort.

Dermed måtte Kaja køyrast på skulen i dag. Og fram til periodekortet kjem tilbake i posten må ho betala kontant.

Kolumbus legg seg flate

– Her har det nok skjedd ein feil, og om dei føler seg urettferdig behandla så må me få ordna opp i dette, seier direktør i Kolumbus, Odd Aksland, til NRK.no etter han har fått høyra om historia.

Han seier at dei er der for kunden og at dei vil at fleire folk skal bruka buss. Derfor er det viktig å ordna opp i slike saker og få dei ut av verda. Bussjåføren er tilsett i Boreal transport, men kundebehandlinga faren fekk i etterkant er det Kolumbus aleine som har ansvar for.

– Eg må beklaga det som eventuelt har blitt sagt i telefonen. men me skal sjølvsagt dekka utgifter familien får med denne episoden, seier Aksland.

Jostein Susort er glad for at Kolumbus viser vilje til å ordna opp, men er likevel frustrert.

– Eg synest det er fint at dei gjer dette, men dei må tenka litt kundeservice også når dei sit i telefonen. Det er klart at alle i ettertid vil beklaga ei slik hending, men det hjelper lite når ein står der midt opp i det.

Han meiner at heile saka viser at Kolumbus, som har fått ansvaret frå Fylkeskommunen med å køyra bussruter og skulebussruter, bør tenka på korleis dei behandlar barn.

– At Kaja skal grua seg til å ta bussen på grunn av ein sjåfør ikkje har lært seg korleis han skal behandla barn er beklageleg.

Hilde Urdal, som er kommunikasjonsrådgjevar i Boreal transport Norge, seier at bussjåføren nå er inne til samtalar for å finna ut kva som har skjedd. Og sørgde for at liknande episodar ikkje skal skje i framtida.

Etter samtalane seier ho at bussjåføren meiner han tok kortet for at Kolumbus skulle få retta feilen opp.

– Men me beklager sjølvsagt det som skjedde, seier Urdal.