Hopp til innhold

Jusprofessor meiner Karmøy kommune bør granskast etter NRK-artikkel

Då Sverre Solli oppheva teieplikta for at NRK skulle skrive ein artikkel, kom kommunen på døra. Jusprofessor meiner det heile er etisk problematisk og seier kommunen bør granske saka.

Sverre Solli (96) fra Langåker på Karmøy. Alene i sofaen hjemme.

Sverre Solli (96) fekk besøk av kommunen etter å ha friteke Karmøy frå teieplikta si slik at NRK kunne skrive ein artikkel. Etter besøket trakk Sverre attende fritaket.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Tysdag skulle NRK publisere ein artikkel om at Sverre Solli (96) ikkje fekk lov til å bu med kona Johanna (91) på sjukeheim fordi han var for frisk.

Same dagen kom representantar frå Karmøy kommune på døra. Dei spurte om han hadde forstått kva han skreiv under på då han oppheva teieplikta slik at NRK kunne omtale helsetilstanden hans.

Solli trakk attende fritaket.

Dottera til Sverre og Johanna, Siv Eikemo, har no sendt klage til Karmøy kommune.

Fleire politikarar reagerer på kommunen si framferd og ein jusprofessor meiner det heile må granskast.

Har klaga på kommunen

Onsdag leverte Eikemo ei klage til Karmøy kommune om deira framferd ovanfor far hennar.

– Vi tykkjer at det var ein forferdeleg vond situasjon dei utsette pappa for. Vi såg tydeleg korleis det prega han og det skulle vore so lite naudsynt å, eg ville nesten sagt, plaga ein gamal mann på den måten, seier Eikemo.

I klagen har ho mellom anna skildra besøket frå kommunen slik Sverre opplevde det og at nokon frå familien burde ha vore der. Dei tykkjer ikkje besøket var greitt i det heile tatt.

– Ein eller annan konsekvens tykkjer eg dette må få, seier ho.

Siv Eikemo utenfor Karmøy rådhus

Siv Eikemo leverte sin klage på rådhuset i Karmøy onsdag.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Meiner Karmøy bør granske saka

– Det er ikkje greitt at ein tek direkte og uvarsla kontakt med ein tenestemottakar med redusert helse utan å varsle og trekke inn dei næraste pårørande, seier Jan Fridthjof Bernt.

Han er jusprofessor ved Universitetet i Bergen og meiner kommunen burde involvert Sverre sin næraste familie i møtet med han.

Slik saka kjem fram i media, kan vi få inntrykk av at ein her har nytta ein snedig kombinasjon av manipulering og press for å få tenestemottakaren til å trekke attende sitt avgrensa samtykke til fritak for teieplikt om sine forhold, seier professoren.

Han meiner at Karmøy kommune bør setje i gang med ei gransking av kva som skjedde tysdag.

Jussprofessor Jan Fridthjof Bernt

Jusprofessor Jan Fridthjof Bernt.

Foto: NRK

– Rett og slett eit overgrep

– Det er ikkje slik det skal vere. Slik som eg har sett det i reportasjen framstår det rett og slett som eit overgrep, seier Helge Thorheim.

Han er gruppeleiar for Karmøylista i kommunestyret og tidlegare stortingspolitikar for Framstegspartiet (Frp).

Thorheim meiner det som har skjedd ikkje er nokon glipp, men eit alvorleg feilgrep av kommunen. Han vil ta opp saka på neste kommunestyremøte.

Også Bård Hoksrud (Frp), andre nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, meiner Karmøy kommune ikkje hadde ei forsvarleg saksbehandling når dei valde å reise ut til 96-åringen på denne måten.

– Dette håpar eg kommunen aldri kjem til å gjere igjen, seier han.

Helge Thorheim - portrett

Helge Thorheim meiner Karmøy kommune si framferd framstår som eit overgrep.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Meiner besøket var føremålstenleg og korrekt

Nora Olsen-Sund er kommunalsjef for helse og omsorg i Karmøy kommune.

– Er det vanleg praksis å gå heim til folk på den måten som vart gjort her?

– Det som er vanleg er å forsikre seg om at ein kjenner til kva ein har gjeve samtykke til, og det kan vi ta opp i samtalar med dei det gjeld. Då kan det vere at vi gjer det heime hjå dei om dei får heimetenester, seier ho.

Ho seier det ikkje er ofte at kommunen får slikt som fritak frå teieplikt på bordet og at dei er ansvarlege for å ikkje gje ut personopplysningar med mindre det ligg eit korrekt samtykke til grunn. Difor ville dei gjere seg viss på at Sverre Solli visste kva han hadde samtykka til.

– Det er korrekt saksbehandling på denne type saker, seier Olsen-Sund.

Ho seier kommunen vil rette seg etter det som eventuelt måtte kome etter klagen til familien er behandla, og tenkjer det er ei god kvalitetssikring av tenestene innbyggjarane får.

– Det er viktig å beskytte einskilde individ og eg håpar at ein har forståing for at vi har gjort det på den mest føremålstenlege måten. Det var i alle fall vår intensjon. Eg beklagar om ein opplev det annleis, men dette er ein del for å sikre personvernet, seier kommunalsjefen.

Nora Olsen-Sund, nærbilde

Nora Olsen-Sund er kommunalsjef for helse og omsorg i Karmøy kommune.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK