Hopp til innhold

Snø, julebad i sjøen og domkirkekonsert

Sjå videoen av julestemninga i Rogaland i morgontimane i dag.

Sjå video av julestemninga i Rogaland i morgontimane på julaftan.

NRK Rogaland bad sine lyttarar om å sende inn bilete av korleis dei byrja dagen.

Bileta som har blitt sendt inn syner at det er mange ulike måtar å starte julefeiringa på.

Julebad på Hundvåg

Desse starta dagen med eit julebad i Galeivågen på Hundvåg.

Foto: Ole Terje Strøm

Nokon ligg ved bassengkanten i solfylte Thailand, medan andre starta dagen med eit bad i Galeivågen på Hundvåg, trass 6 grader og ufyseleg ver.

I hus og heimar er juletrea pynta. Og rundt dei sitt forventningsfulle ungar.

I Svandalen i Sauda kan dei gleda seg over kvit jul, med snødekka tre.

Juletrepynting

Martin Tobias og Sigrun Amanda Johannessen Heimestøl pyntar treet.

Foto: Tor André Johannessen

I Stavanger tok mange turen til Stavanger domkyrkje i dag tidleg for å få med seg julekonserten med Stavanger domkyrkje sitt gutekor.

I videoen kan du sjå bileta me har fått inn, og få ein smakebete av konserten.

Med det seier me riktig god jul til alle dykk, frå alle oss her i NRK Rogaland!