NRK Meny
Normal

Julegåva frå EU til Norge

EU ønskjer å redusere importen av gass frå Russland og erstatten den med gass frå blant anna Norge. Det kjem fram i ein strategirapport frå Europaparlamentet som avisa Dagens Næringsliv skriv om i dag.

Havet nord for Russland og Norge, hvor delelinjen er markert

Barentshavet kan ha store gassressurser som er interessante å utvinne både for Norge og Russland.

Foto: Sherpa Konsult

– Positive nyheiter for Norge, men ikkje så veldig overraskande.

Det er høgrepolitikar Tina Bru sin kommentar. Ho sit i Energi og miljøkomitéen i Stortinget.

Tina Bru

Tina Bru, medlem i Energi og miljøkomitéen i Stortinget for partiet Høgre

– Det er naturleg at behovet for gass vil auke i Europa, nå når for eksempel Tyskland satsar massivt på fornybare energiformer, seier Bru.

Ho meiner at det blir bruk for mykje gass i ein omstillingsperiode i Europa, før dei fornybare energiformene er fullt utvikla. Også etter at det har skjedd, blir det bruk for gass når vinden stilnar eller sola ikkje skin i Europa, meiner Bru.

– Utfordringa blir ikkje først og fremst om EU vil ha norsk gass i tida framover, men om me klarer å levera nok, seier Tina Bru.

Ei julegåve

I Norge har det ei tid vore ein debatt om Europa vil ha norsk gass i framtida. Frå fleire miljøhald har det blitt hevda at dei fornybare måtane å produsera energi på, vil utkonkurrera gassen.

Erling Kvadsheim

Erling Kvadsheim er direktør for miljø og næringspolitikk i næringsorganisasjonen Norsk olje og gass

Foto: Norsk Olje & gass

– Denne rapporten går rett inn i den norske debatten me har hatt om EU sitt behov for norsk gass i åra framover, og viser kor avgjerande det er at Norge fortset å vera ein trygg og sikker gassleverandør til Europa.

Det seier Erling Kvadsheim, direktør for miljø og næringspolitikk i næringsorganisasjonen Norsk olje og gass til avisa Dagens Næringsliv, og han legg til:

– Dette er ei julegåve til norske politikarar!