Hopp til innhold

– Eg er glad på alle lastebilsjåførar sine vegne

For eitt år sidan velta han med traileren sin på ein av fjellovergangane mellom aust og vest. Nå er han glad for at politikarane tek grep.

Wiggo H. Lamela

Wiggo H. Lamela frå Haugesund er ein av fleire som i dag er godt nøgde med nyheita om at Regjeringa vil satsa på E134 som ny hovudveg mellom aust og vest. Han håper at også Hardangervidda vil bli utbetra.

Foto: Privat

I dag kunngjorde samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) at han vil satsa på E134 som ny hovudveg mellom aust og vest. Den andre hovudvegen som skal ha prioritet blir anten riksveg 7 over Hardangervidda eller riksveg 52 over Hemsedalfjell.

– Eg er kjempenøgd på alle lastebilsjåførar sine vegne at me endeleg får betre vegar. For det vegnettet som me har nå er heilt hårreisande, seier trailersjåfør Wiggo H. Lamela, som køyrer for Toten transport.

Han er ein av fleire som nå er svært glade for at politikarane har teke eit val i denne saka.

– Me er veldig glade for avgjersla som kom i dag. Det er eit klokt val av regjeringa å gå for to trasear, for Vestlandet er langstrakt og det kunne blitt snevert å berre satsa på ein veg, seier Helge Eidsnes, som er regiondirektør i Vegvesenet vest.

Stavanger - Oslo

For rogalendingar vil utbetring av E134 kutta ned reisetida til Oslo over fjellet.

Foto: NRK

Håper på Haukeli

Wiggo H. Lamela har hatt mange turar mellom Haugesund i vest og Austlandet, og er derfor svært glad for at regjeringa tek grep. Han har erfart korleis forholda kan vera på fjellet.

– I desember i fjor kom eg køyrande inn i ein sving. Litt for fort og med dårleg veg var det ikkje meir som skulle til før hengaren velta og bilen blei ståande på halv åtte, seier han.

Dette skjedde på Hardangervidda, som er vegen han vanlegvis bruker på grunn av at det passar best for destinasjonen hans.

– Nå som reisetida over Haukeli blir redusert med nesten to timar så kan det henda at det nesten svarar seg for meg å ta denne vegen nå, seier han.

Kan sei meir i februar

Utbygginga av E134 vil kosta mellom 20 og 30 milliardar kroner. Det er usikkert om det vil bli bygd ei vidareføring av E134 mot Bergen.

– Når kan Vegstellet starta med å rusta opp vegen?

– Når planforslaget til Nasjonal transportplan kjem i februar kan me seia meir om når utbetringane kan skje. Men det er også viktig å presisera at me er i gang med ein god del oppgraderingar av E134 allereie, seier Helge Eidsnes.

Han viser då til det nye toplanskrysset på E134 gjennom Førresbotn og E134 Svandalsflonatunnelen som har fått full oppgradering.