Hopp til innhold

- Viking har ikkje lenger forpliktingar ovanfor Horn

Jørgen Horn hamna for andre gong i politiets fyllearrest natt til måndag. Nå seier Horn sjølv opp stillinga si i Viking stadfester sportsdirektør Egil Østenstad.

Jørgen Horn

Etter nattas utskeiingar er Jørgen Horn nå ferdig i Viking.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Egil Østenstad

Sportsdirektør i Viking hadde ikkje problem med å akseptera at Jørgen Horn slutta i klubben i dag.

Foto: Alf Ove Hansen / Scanpix

– Me har akseptert Jørgen Horn sitt ønske om å slutta i klubben, seier sportsdirektør i Viking Egil Østenstad.

Måndag fekk han nok ein gong nyheiter om at Viking sin midtstoppar Jørgen Horn har vore i politiets fyllearrest.

– Kva Jørgen Horn gjer vidare med fotballkarrieren sin nå er opp til han. Me har ikkje lenger forpliktingar ovanfor Horn, og han har ikkje lenger forpliktingar ovanfor Viking, seier Østenstad.