Hopp til innhold

Mista livsverket i storbrann: – Verda går vidare, men det var tungt

Jon Rønning selde nettopp huset sitt på fastlandet for å flytta tilbake til Kvitsøy. Allereie første natt brann sjøhuset hans ned.

Mista livsverket sitt i brannen

Nått til tysdag blei minst tre sjøhus totalskadde i brann på Kvitsøy. Eitt av dei tilhøyrde Jon Rønning, som tysdag har sin første dag som pensjonist.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det er eit vemodig syn. Vanlegvis har eg ikkje problem med å finna ord, men det har eg nå.

Jon Rønning står utanfor eitt av dei totalskadde sjøhusa på Kvitsøy berre timar etter storbrannen.

Han har brukt store delar av livet sitt til å pussa opp båthuset. Det skulle bli klart til pensjonisttida hans. Og den første dagen som pensjonist har han i dag.

– Dette er livsverket mitt, og det skulle vera koseplassen min resten av livet. Eg skulle ta huset i bruk i sommar og bu her permanent. Men det blir utsett, seier han.

Ferieparadis for familien

Nå ser det ut som om Rønning må bu i det gamle barndomshuset sitt Kvitsøy, fram til sjøhuset er bygd opp att. Heimen han hadde på fastlandet er ikkje noko alternativ lengre.

– Huset på Randaberg er seld, og blir overlevert i morgon. Så det er ingen veg tilbake nå, seier han.

Brann på Kvitsøy

Brannmannskap i full gang med sløkking, men sjøhuset er totalskadd.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Han er oppvaksen på Kvitsøy, men flytta til Randaberg der han fekk seg jobb. Sjøhuset har vore i familien sidan ein onkel bygde det, og det har vore eit ferieparadis for heile familien til Rønning.

To av døtrene hans er også i gang med å bygga i nærleiken. Og det var arbeidarane til eitt av desse byggeprosjekta som budde i huset då brannen braut ut i natt.

Jon Rønning

Jon Rønning fortel at huset var ein samlingsstad for reketrålarar, og at det både har vore ungdomshus og framhaldsskule.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Ingen skadde

– Dei kom seg heldigvis ut. Det var naboen, ein pensjonert brannmann som tok tak, og fekk folk ut. Han visste kva han skulle gjera. Han varsla både politi og brannvesen og fekk folk ut, seier Rønning.

Det er ikkje meldt om sakna eller skadde personar i samanheng med brannen. Det er framleis uvisst kva brannårsaka er.

Ordførar i Kvitsøy, Stian Giil Bjørsvik, fortel at faren for at ein brann spreiar seg i det gamle bustadområdet er stor.

Dette er bygga som blei totalskadde i brannen.

– Her står husa tett i tett, og det er ikkje så mykje som skal til for at det er fleire hus som brenn, og det har det gjort i natt. Det er utruleg trist, seier han.

Han heidrar innsatsen til dei som var med på sløkkejobben, for konsekvensane kunne vore større.

– Brannmannskapet har gjort ein god innsats, og me er veldig glade for at det stoppa der det gjorde, seier Bjørsvik.

For Jon Rønning vil minna frå det tradisjonsrike familiehuset leva vidare i hjarta hans.

– Nå får me leva på minner. Finna fram gamle bilde og ha det med oss. Verda går vidare, men det er tungt.

Ambulansebåten

Ambulansebåten var på plass, men ifølgje politiet skal ingen vera skadde.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK