– Han er ikkje samd i dommen og meiner han er uskyldig dømt, seier hans forsvarar Stian Bråstein til NRK.
Johny Vassbakk ankar dommen på 17 års fengsel for drapet på Birgitte Tengs i 1995, bekreftar Bråstein.
Han ynskja ikkje å fortsette i rettssalen, og blei dermed køyrt til Åna fengsel.
Stian Bråstein er ein av to forsvararar for Johny Vassbakk.
Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRKHan fekk dermed dommen forkynt i fengsel i dag, tysdag.
Bråstein og forsvararkollega Stian Kristensen har akkurat hatt eit møte med sin klient i Åna fengsel i Rogaland.
Forsvararane og Vassbakk har ikkje fått gått i detaljar om kva i dommen han er usamd i, men Bråstein forklarar at han ikkje er samd i resultatet.
Vassbakk svima av kort tid etter at dommaren hadde lest opp dommen i går. Han fekk dermed forkynt dommen i fengsel tysdag.
Foto: Beate Oma Dahle / POOL / NTBPrega
Bråstein fortel om ein klient som har det tungt, og er prega både fysisk og psykisk.
– Men han er samstundes klar for å fortsette kampen for sin uskuld, seier Bråstein til NRK.
Dei vil no starta arbeidet med eit støtteskriv til lagmannsretten, kor dei vil grunngjeve anka.
– Me ynskjer ikkje å kommentera grunngjevinga til anka i media, seier Bråstein.
Ankeforhandlinga i Gulating lagmannsrett er førebels sett til starten av september.
– Fram mot den vil me blant anna gjere vurderingar om det kan vere aktuelt å be om nye etterforskingsskritt, seier Bråstein.
Ny runde med DNA
Han ynskjer ikkje å gå inn på kva dei vil grunngjeve anka med, men seier at dei temaa som var sentrale i tingretten, framleis vil vere sentrale i lagmannsretten.
Det betyr at det nok blir ein ny runde med DNA-beviset.
Vassbakk sitt DNA er nemleg funne på strømpebuksa til Birgitte Tengs. Forsvararane meiner hans DNA kan ha kome på strømpebuksa via ein annan person.
Det blei dei ikkje trudd på i tingretten.
I den samla konklusjonen seier retten at dei meiner det er bevist at sporprøven er til å stole på, og at Y-profilen til tiltalte samsvarar med analysen.
Retten meiner det berre er hypotetisk at DNA kan ha kome der via ein annan person.