– Denne jobben betyr fantastisk mykje.
Johannes Tveitnes (25) er takknemleg for å ha fått draumejobben. I 14 månader har han jobba fast i Sandnes kommune.
– Samfunnet treng alle. Uansett om du har funksjonsnedsetjing eller er blind. Samfunnet treng deg, seier han.
I Noreg er berre 3 prosent av utviklingshemma i ordinært arbeid.
Stortingsrepresentant Margret Hagerup (H) meiner fleire bedrifter bør vera opne for å tilsetja fleire.
– Me ser at det er ressursar i alle menneske, og at det er uante ressursar, seier ho.
Margret Hagerup (H) meiner fleire bedrifter bør tilsetja personar med utviklingshemming.
Foto: Ole Andreas Bø / NRKTveitnes har kompetansebevis som helsefagarbeidar, og er vert for eldre som skal ta koronavaksine.
Høgre-politikaren er oppteken av at fleire skal gjere som han.
– I dag er det for mange elevar med utviklingshemming som blir styrte mot studiespesialiserande fag. Men dei står mykje sterkare i arbeidslivet med eit kompetansebevis, meiner ho.
– Viktig at dei får ordinært arbeid
Tveitnes har fått jobb gjennom inkluderingsordninga Helt med. Dei jobbar med å få fleire utviklingshemma ut i arbeidslivet.
– Det handlar om å vera sosial, og føla at ein bidrar med noko. Det er det mange som ikkje får moglegheit til, seier jobbspesialist Hanne Kluge i Helt med.
HELT MED: Hanne Kluge jobbar med å få fleire utviklingshemma ut i arbeid.
Foto: Arild Eskeland / NRKEmily Ann Riedel var den første som fekk fast jobb gjennom Helt med. Sidan 2019 har 119 fått fast jobb gjennom organisasjonen.
Dei jobbar blant anna på skular, sjukeheimar og i butikkar.
– Det er viktig at dei kjem ut i ordinært arbeid, seier Kluge.
NHO meiner utviklingshemma må få fleksible utdanningsløp etter den enkeltes evne.
Regiondirektør Tone Grindland i NHO seier at det er viktig at dei utviklingshemma får jobbtrening før vaksenlivet byrjar.
Foto: Mats Haugland / NRKRegiondirektør i NHO, Tone Grindland, seier det er viktig å legga til rette for ein kombinasjon mellom skule og jobbtrening, spesielt i overgangen mellom vidaregåande og vaksenlivet.
– Dette er eit viktig samfunnsoppdrag mange bedrifter både tar og ynskjer å ta, seier ho.
– Misforstått snillheit
Hagerup meiner det er ein misforstått snillheit at utviklingshemma ikkje er i arbeid.
– Me har synst for synd på denne gruppa. Me har tenkt at dei treng omsorg, og ikkje at me stiller krav til dei. Resultatet er at dei blir sittande heime i sofaen.
Høgre og Frp har løyvd 10 millionar i årets budsjett for å bidra med å få fleire utviklingshemma ut i ordinært arbeid.
Kollegaer av Johannes Tveitnes er takknemlege for å ha han på jobb.
GODE KOLLEGAER: Johannes Tveitnes saman med helsestasjonssjef i Sandnes Irene Asheim Ivesdal.
Foto: Arild Eskeland / NRK– Eg synst det er heilt fantastisk. Han er så smilande, blid og alltid hjelpsam, seier helsestasjonssjef Irene Asheim Ivesdal.
- Sjå saka NRK laga i 2019 om Emily som var den første til å få jobb gjennom Helt med: