Johannes (25) stortrivst som vaksinevert. Han vil at fleire blir inkludert i arbeidslivet

Arbeidsløysa for personar med utviklingshemming er skyhøg. Fagkompetanse kan hjelpe fleire inn på arbeidsmarknaden, meiner Høgre-politikar.

Johannes Tveitnes trivs i jobben i Sandnes kommune. Her jobber han som vaksinevert. Han har fått jobb gjennom kommunen gjennom organisasjonen «Helt med».

DRAUMEJOBBEN: Johannes Tveitnes jobbar som vaksinevert, og har ei sentral rolle under vaksineringa i byen.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Denne jobben betyr fantastisk mykje.

Johannes Tveitnes (25) er takknemleg for å ha fått draumejobben. I 14 månader har han jobba fast i Sandnes kommune.

– Samfunnet treng alle. Uansett om du har funksjonsnedsetjing eller er blind. Samfunnet treng deg, seier han.

I Noreg er berre 3 prosent av utviklingshemma i ordinært arbeid.

Stortingsrepresentant Margret Hagerup (H) meiner fleire bedrifter bør vera opne for å tilsetja fleire.

– Me ser at det er ressursar i alle menneske, og at det er uante ressursar, seier ho.

Margret Hagerup

Margret Hagerup (H) meiner fleire bedrifter bør tilsetja personar med utviklingshemming.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Tveitnes har kompetansebevis som helsefagarbeidar, og er vert for eldre som skal ta koronavaksine.

Høgre-politikaren er oppteken av at fleire skal gjere som han.

– I dag er det for mange elevar med utviklingshemming som blir styrte mot studiespesialiserande fag. Men dei står mykje sterkare i arbeidslivet med eit kompetansebevis, meiner ho.

– Viktig at dei får ordinært arbeid

Tveitnes har fått jobb gjennom inkluderingsordninga Helt med. Dei jobbar med å få fleire utviklingshemma ut i arbeidslivet.

– Det handlar om å vera sosial, og føla at ein bidrar med noko. Det er det mange som ikkje får moglegheit til, seier jobbspesialist Hanne Kluge i Helt med.

Hanne Kluge, jobbspesialist, Helt med.

HELT MED: Hanne Kluge jobbar med å få fleire utviklingshemma ut i arbeid.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Emily Ann Riedel var den første som fekk fast jobb gjennom Helt med. Sidan 2019 har 119 fått fast jobb gjennom organisasjonen.

Dei jobbar blant anna på skular, sjukeheimar og i butikkar.

– Det er viktig at dei kjem ut i ordinært arbeid, seier Kluge.

NHO meiner utviklingshemma må få fleksible utdanningsløp etter den enkeltes evne.

Regiondirektør Tone Grindland i NHO

Regiondirektør Tone Grindland i NHO seier at det er viktig at dei utviklingshemma får jobbtrening før vaksenlivet byrjar.

Foto: Mats Haugland / NRK

Regiondirektør i NHO, Tone Grindland, seier det er viktig å legga til rette for ein kombinasjon mellom skule og jobbtrening, spesielt i overgangen mellom vidaregåande og vaksenlivet.

– Dette er eit viktig samfunnsoppdrag mange bedrifter både tar og ynskjer å ta, seier ho.

– Misforstått snillheit

Hagerup meiner det er ein misforstått snillheit at utviklingshemma ikkje er i arbeid.

– Me har synst for synd på denne gruppa. Me har tenkt at dei treng omsorg, og ikkje at me stiller krav til dei. Resultatet er at dei blir sittande heime i sofaen.

Høgre og Frp har løyvd 10 millionar i årets budsjett for å bidra med å få fleire utviklingshemma ut i ordinært arbeid.

Kollegaer av Johannes Tveitnes er takknemlege for å ha han på jobb.

Johannes Tveitnes og Irene Asheim Ivesdal, helsestasjonssjef i Sandnes.

GODE KOLLEGAER: Johannes Tveitnes saman med helsestasjonssjef i Sandnes Irene Asheim Ivesdal.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Eg synst det er heilt fantastisk. Han er så smilande, blid og alltid hjelpsam, seier helsestasjonssjef Irene Asheim Ivesdal.

  • Sjå saka NRK laga i 2019 om Emily som var den første til å få jobb gjennom Helt med: