Hopp til innhold

Her går NRK-reportaren på tryne

Reporteren enda opp med forstua tommel, antenna på sendarutstyret knakk og vegane var alt for godt brøyta. Det meste gjekk med andre ord gale då NRK Rogaland skulle senda radio frå skiløypa.

Reportaren enda opp med forstua tommel, antennen på sendarutstyret knakk og vegane var alt for godt brøyta. Det meste gjekk med andre ord gale då NRK Rogaland skulle senda radio frå skiløypa.

NRK Rogaland sin reporter Johan Mihle Laugaland filma då han gjekk på tryne.

Det er ikkje kvardagskost med så gode vinterforhold som ein opplever i Rogaland nå. Det var derfor NRK Rogaland sin reporter Johan Mihle Laugaland fekk ideen om at han skulle vera ute i skisporet under heile morgonsendinga på P1.

Det viste seg å bli lettare sagt enn gjort.

– Det såg så jomfrueleg og fint ut her på marka, men under den fine snøen er det djupe traktorspor. Så plutseleg låg eg der, seier Johan etter fallet.

Det viste seg seinare at skadeomfanget var omfattande. Tommelen hans var forstua, medan antenna på radiosendaren var brokken.

Høyr Laugaland på radioen etter fallet:

Johan Mihle Laugaland med forstua tommel

Johan Mihle Laugaland syner fram den forstua tommeltotten.

Foto: Mathias Oppedal / NRK
Knokken antenne

Det gjekk hardt utover sendeutstyret til NRK då han fall.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Problem allereie i oppstarten

Allereie før Laugaland skulle setja i gang med skigåinga si blei det klart at dette ikkje skulle gå knirkefritt.

Då radiosendinga byrja klokka 06.03 gjekk det opp for han at han hadde teke feil ski. Dei passa ikkje med bindingane, og han kom seg ikkje av garde som planlagt. Dermed måtte han køyra heim å henta nye ski.

Sjå video frå fiaskostarten her.

Reportaren enda opp med forstua tommel, antennen på sendarutstyret knakk og vegane var alt for godt brøyta. Det meste gjekk med andre ord gale då NRK Rogaland skulle senda radio frå skiløypa. Her får han ikkje bindingane til å sitja på skoa.

Laugaland hadde ikkje sjekka om skiskoa passa på skia.

Enden var god

Trass klabb og babb, og lite snø på vegar og fortau. Då radiosendinga gjekk mot slutten i ni tida kom han seg til Mosvatnet. Her er skiforholda perfekte.

Laugaland kunne leggja alt som hadde skjedd bak seg og nyta det flotte augeblink med vinter i Rogaland.

Oppkøyring av skispor på Mosvatnet

På Mosvatnet i Stavanger Kommunen har Norsk Folkehjelp køyrd opp skispor som Johan kunne kosa seg i til slutt.

Foto: Kjell Jan Selvik / Norsk folkehjelp

Høyr innslag frå skiløypa her