NRK Meny
Normal

Jobbtørke for meklarspirer i Stavanger

Tilsetjingsstopp hos fleire meklarhus og kutt i vikar- og sommarjobbar gjer det svært vanskeleg for nyutdanna eigedomsmeklarar i Stavanger å skaffa seg jobb. Fleire satsar nå på ei karriere i Oslo, der jobbutsikta er langt betre.

Eigedomsmeklarstudentar i Stavanger

Eirik Hanekamhaug (23) frå Stavanger (t.v.) vurderer å flytta til Oslo for å få jobb som nyutdanna eigedomsmeklar. Tony Kristiansen (23) måtte gi opp jobbdraumen i Stavanger og har fått jobb på Austlandet, mens Eilen Støle Foss (24) er blant dei heldige som har fått jobb i Stavanger.

Foto: Magnus Stokka

– Blant oss avgangsstudentar er stemninga så som så, seier Eirik Hanekamhaug (23).

23-åringen er tredjeårsstudent på eigedomsmeklarstudiet ved BI Stavanger og snart nyutdanna eigedomsmeklar.

Men med dei svært utfordrande tidene i bransjen han skal inn i, er ikkje jobbutsiktene i heimbyen Stavanger særleg gode. Det gjer at han vurderer å flytta til Oslo.

– Det er tilsetjingsstopp i Stavanger og eg ser at sjansane for jobb er mykje større i Oslo, der marknaden er betre. Men konkurransen er også større i Oslo-området, seier Hanekamhaug.

Gav opp Stavanger-planen

Klassekamerat Tony Kristiansen (23) frå Oslo-området hadde eigentleg planar om å starta yrkeskarrieren i studiebyen sin, Stavanger. Nedgangstidene har forandra på dette, og nå har han takka ja til jobb på Austlandet.

– For det første er det tilsetjingsstopp i dei fleste store selskap. Det gjer det vanskeleg å få jobb. I tillegg er det mange som gjekk ut frå studiet i fjor som slit med å få jobb. Det gjer at det blir mange om beinet på dei få jobbane som blir lyst ut.

– Utdannar seg ikkje til arbeidsløyse

Ragnhild Wiik

Direktør ved BI Stavanger, Ragnhild Wiik.

Foto: Magnus Stokka

Direktør ved BI Stavanger, Ragnhild Wiik, legg heller ikkje skjul på at det tøffare for hennar meklarstudentar å få jobb nå enn for eit par år tilbake.

– Det er rett og slett fordi marknaden nå er mykje meir negativ enn tidlegare. Men svingingar har det vore i meklarbransjen og andre bransjar tidlegare. Eg ser ikkje at det er verre for meklarar enn for andre yrkesgrupper.

– Utdannar dei seg til å bli arbeidsledige?

– Nei, hus er noko me menneske alltid vil ha behov for, så det gjer dei ikkje. Men det vil ikkje vera like lett for alle å få jobb. Dei som vil og kan vil likevel alltid klara seg, seier BI-direktøren.

Fekk jobb i Stavanger

Eilen Støle Foss (24) frå Kverneland er blant sisteårsstudentane som vil og kan. Ho har fått jobbtilbod i Stavanger. Likevel er ho ikkje trygg på si eiga yrkesframtid.

– Det er greitt å få tilbod om jobb, men det betyr ikkje at du er sikra i bransjen. Du må jobba sjølv for å få oppdrag, og det kan ta månader.

Uansett er det ikkje noko alternativ for dei tre snart nyutdanna eigedomsmeklarane å gi opp yrkesdraumen.

– Eg er ein veldig optimistisk person. Alltid etter ein nedtur kjem det ein opptur. Stavanger er heimbyen min og eg gjer alt for å få jobb her, seier Eirik Hanekamhaug.