CHC Helikopter Service: – Me skal gjera alt i vår makt for å finna årsaka til ulukka

CHC Helikopter Service har mista to pilotar i helikopterstyrten ved Turøy i dag. Arbeidet for å finna årsaka til ulukka er allereie i full gang.

Arne Roland er administrerande direktør i CHC Helikopter Service som eig helikopteret som i dag styrta.

Arne Roland er administrerande direktør i CHC Helikopter Service som eig helikopteret som i dag styrta.

Halv stong hos CHC Helicopter Service

CHC Helikopter Service flaga på halv stong utanfor operasjonssenteret på Stavanger lufthamn Sola etter den tragiske helikopterstyrten.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Dette er det verste som kan skje, og me tenker på alle 13 som var om bord i helikopteret. To av våre eigne tilsette kom ikkje heim frå jobb i dag, seier administrerande direktør i CHC Helikopter Service, Arne Roland til NRK.

Det er dei som eig og driftar helikopteret som i dag styrta ved Turøy, på kommunegrensa mellom Fjell og Øygarden. Alarmen gjekk klokka 11:55. Så langt er 11 personar funne omkomne, medan to framleis er sakna, men truleg omkomne. Klokka 17.00 blei redningsaksjonen formelt avslutta.

Nå heng det norske flagget på halv stong utanfor operasjonssenteret på Stavanger lufthamn Sola. Her er arbeidet for å finna årsaka er allereie i gang.

– Når me sender ut ein flight så er det trygt. Det som har skjedd nå er me sjølvsagt ulukkelege for og me skal gjera alt i vår makt for å finna årsaka til ulukka, seier Roland.

To personar frå produsenten på veg

Selskapet har sjølv sett ned ei undersøkingsgruppe, desse vil jobba frå Bergen og dei vil også vera ute på ulukkesstaden.

– Sjølv har me sendt to personar frå Stavanger som er på plassen nå, i tillegg vil me styrka ulukkesgruppa med folk frå teknisk og operativ avdeling. Det kjem også folk frå Frankrike som er knytte til helikopterfabrikanten i tillegg til at Havarikommisjonen gjer sitt arbeid, seier han.

Han legg også til at CHC Helikopter Service har folk som skal gjera sitt for å ta vare på dei pårørande.

Flyforbod for ulukkeshelikopteret

Etter ulukka har Luftfartstilsynet innført flyforbod for helikoptertypen EC225LP, eller Airbus Helicopters H225 Super Puma, som ulukkeshelikopteret blir kalla. Eit helikopter som har fleire ulukker og nestenulukker bak seg.

Fagforbunda er glade for at helikoptera nå har flygeforbod.

– Helikopteret er på mange måtar bussen vår, så det er klart at det pregar oss når slike ting skjer. Det er bra at alle desse helikoptera nå står på bakken, for dette må ikkje skje igjen. Ein må finna årsaka før ein tenker på å setja dei tilbake i trafikk, seier Hilde-Marit Rysst, som er forbundsleiar i fagforbundet Safe, som organiserer meir enn 10.000.

Statsminister Erna Solberg om helikopterulykken utenfor Bergen.

Statsminister Erna Solberg seier dette er ein tung dag, både for dei som har mista ein av sine kjære, men også for heile det norske samfunnet.