Hopp til innhold

Jobba for luseløn i Nordsjøen

Utanlandske nordsjø-arbeidarar på den britiske oljeplattforma Murchison skal ifølgje, bransjebladet Byggeindustrien, jobba under svært dårlege vilkår. Det skriv E24. Dei utanlandske arbeidarane skal ha hatt ei timeløn på 31 kroner då dei jobba for eit konsortium med nederlandske Heerema og norske AF Gruppen. AF Gruppen opplyser til avisa at dei ikkje er kjent med dokumenterte brot på regelverk eller tariffavtalar.