Hopp til innhold

Jerv kan ha tatt ein fjerdedel av lammeflokken

Suldalsbonden Olav Vetrhus mista heile 57 lam og fire vaksne sauer sist beitesesong. Han meiner jerven tok dei fleste.

Drept lam

Totalt blei 208 lam og sauer erstatta i Rogaland i fjor på grunn av antatt tap til jerv. Det er over dobbelt så mange som året før.

Foto: Olav Vetrhus

Sauebonde og 11. generasjon på garden Vetrhus i Øvre Suldal tar oss med nesten 1000 meter over havet til Sandvatnet, like ved fylkesgrensene til både Aust-Agder, Telemark og Hordaland.

Olav Vetrhus

Olav Vetrhus seier det er uhaldbart å halda fram som sauebonde dersom han i framtida taper like mange lam til jerven som han gjorde sist beitesesong.

Foto: Magnus Stokka

Sjølv om det er snøfattig til fjells i år, er det likevel lite som minner om sommarbeite på denne tida av året. Det er også lite som minner om jerven sine herjingar her sist beitesesong.

– Eg har sett spor etter jerven her ved Sandvatnet, seier Vetrhus og peikar ut mot vatnet.

Dobbelt så mange erstatningar

Suldalsbonden mista altså 57 lam og fire vaksne sauer førre beitesesong og har brukt mykje tid i haust på å henta ned daude dyr frå heia. Og sjølv om han får erstatning for tapa, fortvilar han over situasjonen.

– Det gjer noko med deg når mykje av det du finn når du er i heia og skal samla og sjå om sauer, er daude og drepne dyr. Du blir både sint og fortvila.

Jervespor Suldal

Jervespor observert ved Sandvatnet i Suldal.

Foto: Olav Vetrhus

Men suldalsbonden er ikkje åleine om å oppleva store tapstal i saueflokken. Fylkesmannen i Rogaland fekk søknad om erstatning for 285 lam og sauer, drepne av jerv i grensetraktene Rogaland, Hordaland og Telemark i 2016.

208 lam og sauer blei til slutt erstatta i Rogaland i fjor på grunn av antatt tap til jerv. Det er over dobbelt så mange som året før (82).

– Det blir ein heilt uhaldbar situasjon når du slepp sauene ut på eit prioritert område for beite, meiner Vetrhus.

Drept sau
Foto: NRK

Trygg på at jerven står bak tapstala

Rovviltansvarleg for Statens naturoppsyn i Agder og Rogaland, Jon Erling Skåtan, jobbar med å dokumentera kor rovdyra held seg. Han er usikker på om det er ein eller fleire jerv i dei store beiteområda til rogalandsbøndene, men heilt trygg på årsaka til dei høge erstatningstala.

– Det har vore litt rolegare før, men sist sesong var det betydelege tap til jerven.

– Kor sikker er ein at jerven står bak?

– Det er ikkje så mykje å lura på. Den har ein ganske spesifikk måte å drepa på med eit nakkebit som tar knekken på atlasknoken, altså den steinen hovudet er festa på. I tillegg kan den grava sauene ned og dra dei ut i vatn og liknande, seier Skåtan.

Jon Erling Skåtan

Rovviltansvarleg for Statens naturoppsyn i Agder og Rogaland, Jon Erling Skåtan, seier det har vore betydelege sauetap på grunn av jerven i Rogaland sist beitesesong.

Foto: Magnus Stokka

Sterkt truga dyreart

Fram til onsdag denne veka (15. februar) har det vore vanleg lisensjakt på jerv, utan at nokon er tatt. Same dato gjekk skadefellingsløyvet på ein jerv i kommunane Suldal og Hjelmeland, gitt av Fylkesmannen, ut.

Nå må Miljødirektoratet gi grønt lys til eit ekstraordinært uttak dersom jerven skal bli tatt før kommande beitesesong.

Direktoratet skriv i ein e-post til NRK at det ikkje er mål om å ha nokon bestand av jerv i rovviltregion 1 på Vestlandet, kor Rogaland er omfatta.

Jerven står likevel oppført som sterkt truga på den nasjonale raudlista, og krefter vil la rovdyret leva i fred i naturen.

Det er suldalsbonden Olav Vetrhus fullstendig klar over. Men for hans del er det eit spørsmål om han orkar å halda fram som sauebonde.

– Eg har hatt lam som har blitt drepne i fleire år, men i haust eskalerte det veldig. Dersom eg opplever dette fleire år, er det uhaldbart å halda på.