Hopp til innhold

Jernbaneverket byggjer «sykkelmotorveg»

Jernbaneverket vil opna vedlikehaldsvegen til det nye dobbeltsporet på Jæren for syklistane.

Nærbø stasjon

STARTEN PÅ SYKKELMOTORVEG: Når dobbeltsporet kjem på Jærbana, blir det mogleg å sykla langs sporet. Her er Nærbø stasjon.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Lars Christian Stendal

I JERNBANEVERKET: Lars Christian Stendal er regional strategidirektør i jernbaneverket.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Jernbaneverket vil byggja ein «sykkelmotorveg» parallelt med det nye dobbeltsporet frå Sandnes til Nærbø, som kan få byggestart i 2019. Det er anleggsvegen dei skal bruka under arbeidet med sporet, som etter kvart skal gi syklistane ein veg for seg sjølv.

– I samband med at dobbeltsporet skal haldast ved like, så kjem me til å byggja ein driftsveg ved sidan av. Den vil vera open for syklistar heile tida, men ein gong i blant kjem me til å køyra bil på den for å halda ved like sporet, seier regional strategidirektør i Jernbaneverket, Lars Kristian Stendal.

Syklistane jublar

– Dette er nesten litt julaftan for oss som driv med sykling, seier dagleg leiar i Nordsjørittet, Siri Ommedal.

Siri Ommedal

JUBLAR: Siri Ommedal, dagleg leiar i Nordsjørittet.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Grusvegen som følgjer med dobbeltsporet gir syklistane store moglegheiter.

– Ja, eg trur at fleire vil sykla lenger, og fleire vil bruka den. Avstanden mellom Nærbø, Sandnes og Stavanger blir jo berre kortare, dess hyggelegare sykkelveg det er. Det høyrest også trygt og godt ut, det ligg tett til linja og sikkert med ordna forhold. Dette er nok berre positivt, seier Siri Ommedal, dagleg leiar i Nordsjørittet.

Bøndene jublar ikkje

Med å leggja dobbeltsporet i ein ny trasé, unngår Jernbaneverket å måtte ta omsyn til togtrafikken under bygginga.

– Fordelen med ny trasé er at me kan byggja fritt frå sporet, og ikkje treng å ta omsyn til trafikken. Arbeidet blir oppstykka og dyrt om me følgjer dagens trasé, seier Stendal.

Jernbaneverket byggjer dobbeltspor og sykkelveg

DETTE VIL DEI UNNGÅ: Jernbaneverket vil helst unngå å måtte bygga i den eksisterande traséen, då det vil føra til at arbeidet må avbrytast ofte, i tillegg til at det blir veldig dyrt.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Men dersom dobbeltsporet blir lagt i ein ny trasé, betyr det at mykje landbruksjord går til spille.

– Dette er ei stor og viktig sak for oss. Me er heilt i mot dei konturane me ser av dette her. Dei må tenkja på at me skal bevara Jæren som Norges matkammer, seier Hans Aarsland i Rogaland jordvernforeining.

– Me har nett sett opp ein ny driftsbygning i nærleiken, og traseen vil gå tvers gjennom den bygningen, som stod ferdig i år, seier bonde Torbjørn Haugland.

– Og du er ikkje interessert i kompensasjon?

– Me har bygd for å satsa på framtida, og me har tenkt å leva av dette i mange år framover. Det får enorme konsekvensar, seier Haugland.

Bønder på Jæren

VIL BEHALDA JORDA SI: Frå venstre: Hans Aarsland, Torbjørn Haugland, Trygve Ødemotland, Åsbjørn Høyland og Øyvind Mjåtveit

Foto: Øystein Ellingsen / NRK