NRK Meny

Jente i tenåra påkøyrd

Ei jente i tenåra som blei påkøyrd i Egersund då ho var ute å jogga i går kveld kom frå det med lettare skadar, det melder Stavanger universitetssjukehus. Kvinna blei frakta til sjukehuset like etter uhellet som skjedde i Egersund sentrum i 20.30-tida. Ifølgje politiet kan ein truleg ikkje lasta bilføraren for ulukka.