NRK Meny
Normal

Jente (15) har meldt valdtekt til politiet

Politiet i Haugesund har i natt fått melding frå ei jente, som fortel at ein mann i slutten av tenåra har valdteke ho. Den unge jenta er teken hand om på valdtektsmottaket.

Klokka 02.13 fekk politiet melding om at ei 15 år gamal jente hadde blitt valdteken på rommet hennar i huset til foreldra, av ein mann i slutten av tenåra. Den unge mannen og jenta skal ha kjent kvarandre ei stund.

Jenta blei frakta til valdtektsmottaket, der har blitt teken hand om av helsepersonell og det blei sikra spor. Det er også gjort innleiande avhøyr av jenta.

– Politiet har vore på åstaden og sikra spor. Den mistenkte er pågripen og frakta til politistasjonen, fortel operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Jarle Utne-Reitan, til NRK.no.

Haugesund politistasjon vil etterforska saka vidare i løpet av dagen. Då vil det mellom anna blitt gjort avhøyr av mannen.