Hopp til innhold

Japansk sjøpung funnen i Noreg – kveler alle andre artar

Han kveler alle andre artar og spreier seg fort. Når japansk sjøpung først er oppdaga i Noreg, er han som ein pest.

Japansk sjøpung.

Han spreier seg raskt, men ikkje så langt. For larvane lever berre i 24 timar. Men området sjøpungen først slår seg ned på, tek han over.

Foto: Erling Svensen / Havforskingsinstitutttet

– Dette er den verste pestarten vi frykta skulle komme, seier forskar Vivian Husa til NRK.

Husa leiar kartleggingsprosjektet for framande artar i sjøen. No som japansk sjøpung er oppdaga i Noreg, prøver Havforskingsinstituttet å kartlegge kor utbreidd han er.

– Vi veit ikkje enno, men vi set i gang allereie i romjula, og skal legge ut informasjon til dei lokale dykkarklubbane i området, seier Husa.

Japansk sjøpung er ein art me overhovudet ikkje vil ha i norske farvatn.

Og no som han er her, kan han gjere stor skade på blåskjelanlegg og merdar i oppdrettsanlegg.

– Han hopper frå stad til stad, via båtskrog, merdar eller flytebrygger, opplyser havforskaren.

Det er truleg skipstrafikk som har teke med seg sjøpungen til Noreg.

Japansk sjøpung.

Japansk sjøpung er både frykta og skummel, men ifølgje forskar Vivian Husa kan trøyste oss med at han ikkje kjem til å dekke absolutt heile norskekysten.

Foto: Erling Svensen / Havforskingsinstituttet

Teke over undersjøisk fjellvegg

Det var dykkar og fotograf Erling Svensen som nyleg fann den japanske sjøpungen, som på latin er kalla Didemnum vexillum. Det var medan han dykka ved Engøyholmen i Stavanger.

– Sjøpungen dekker eitt stort område frå sju til tjue meters djup, inkludert ein flott fjellvegg som han er i ferd med å ta over, seier han.

Sjøpungen, som truleg er frå Japan, har etablert seg i ei rekkje andre europeiske land. Mellom anna Storbritannia, Nederland, Frankrike og Irland.

– Tenk deg ei pannekake som du slengjer på bakken. Litt sånn ser han ut, seier Svensen.

Har blitt forsøkt å avgrense

Havforskar Vivian Husa oppfordrar folk til å sende inn bilete til Havfunn, eller direkte til ein forskar ved Havforskingsinstituttet.

Er det ingenting vi kan gjere for å stanse sjøpungen?

– Det er gjort forsøk på New Zealand med Klorin og litt forskjellig. Det avgrensa han, men han dukka opp igjen, seier Vivian Husa.

HI-forsker Vivian Husa samler inn skjell til oljeanalyser

Havforskar Vivian Husa vil gjerne at du tek eit bilete av japansk sjøpung, eller noko som liknar om du er usikker, og sender inn til Havforskingsinstituttet.

Foto: Stine Hommedal / Havforskningsinstituttet

Forskaren fortel at den japanske sjøpungen ikkje berre held seg i hamnene, men òg etablerer seg i naturlege miljø. Andre framandarter held seg gjerne i hamneområde.

Er han ein fare for økosystemet?

Eg trur neppe han kan utrydde artar, det må i så fall vere spesielle stader ein har raudlista arter.