NRK Meny
Normal

Jaktar gjerningsmann etter Tasta-ran

Politiet jaktar på éin gjerningsperson etter ranet på Tasta i ettermiddag. Politiet har sikra overvakingsbilete av ranet, og er på jakt etter ein person i det dei trur er ei svart treningsbukse.

Overvakingsvideo frå Tasta-ranet

RANAREN: Politiet er på jakt etter denne mannen.

Ranet av matbutikken Matkroken på Tasta i Stavanger skjedde klokka 15.22. Ein person truga til seg pengane i kassen med ein pistol-liknande gjenstand.

– Vedkomande hadde ei svart bukse med ei brei kvit stripe. Det kan ha vore ei treningsbukse. Det var også overvakingskamera i butikken, og me har bilete frå åstaden, seier Charles Bøgil, operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt.

Politiet veit ikkje det nøyaktige beløpet som vart stole, men opplyser at det ikkje var store verdiar.

– Me har framleis politipatruljar i området som leitar og undersøkjer i nærområdet, seier Bøgil.

Politiet har teke imot fleire tips frå publikum, og jobbar vidare med å sjekka ut informasjonen dei har fått. Politipatruljane i området leitar etter fleire som kan ha sett noko, og går frå dør til dør på jakt etter informasjon og observasjonar.

Politiet jaktar på ein gjerningsperson etter ranet på Tasta måndag.

LEITAR ETTER GJERNINGSPERSON: Politiet leitar etter ein person som truga til seg pengar på Matkroken med ein pistol-liknande gjenstand.