NRK Meny
Normal

Jaga bronsetjuv med gaffeltruck

Då Kristian Møller såg tjuven forsyne seg av bedrifta sin bronse, kasta han seg i 10-tonns trucken og gav gass.

– Dette er eit veldig frekt tjuveri, seier dagleg leiar i leverandørbedrifta Malm Orstad i Klepp, Bjørnar Huru.

Neste gong køyrer eg gaflane under bilen og heiser den høgt opp, så kan den henga der på utstilling.

Kristian Møller

Det var klokka fem i dag tidleg, då dei to som går nattskift på bedrifta skulle ha matpause, at dei oppdaga ein mann som stod og spadde i konteinaren deira.

Bronsespon

Bronsespon er eit metallavfall, som industrien sel vidare til Norsk metallretur for litt meir enn 20 kroner per kilo.

Foto: Norsk metallretur

– Han spadde bronsespon for harde livet. Frå konteinaren og inn gjennom sidedøra i den kvite varebilen sin, seier Kristian Møller, som var ein av dei som var på vakt.

Jakta tjuven med truck

Bronsespon er det som blir att når bedrifta produserer offshore-delar i bronse. Bronse er mindre verd enn kopar, men har likevel ein kilopris på meir enn 20 kroner.

Bjørnar Huru

Bjørnar Huru er dagleg leiar i Malm Orstad og kallar tjuveriet for frekt.

Foto: Malm Orstad

Då Møller såg kva som gjekk føre seg langt inne på området deira, blei han sint og tok grep.

– Eg kasta meg inn i 10-tonns trucken og køyrde opp på sida av varebilen. Han kasta seg inn i bilen, såg på meg og trekte på skuldrene, som om han ikkje forstod nokon ting, fortel Møller.

Målet var å sperra for bilen, men det blei vanskelegare enn han først hadde tenkt.

– Han sette bilen sin i revers og gav gass, eg følgde etter, og då han skulle snu bilen heldt me på å krasja. Eg køyrde for å sperra inngangen, men han kom seg rundt og ut, fortel truckføraren.

Fekk registreringsnummeret

Han blir irritert ved tanken på at tjuven kom seg unna.

– Neste gong køyrer eg gaflane under bilen og heiser den høgt opp, så kan den henga der på utstilling.

Han fekk likevel teke registreringsnummeret på bilen og meldt saka til politiet. Det var snakk om ein utanlandsregistrert kvit Volkswagen.

Hos politiet er dei overraska over innsatsen tjuven la ned i dette. Truleg ville det vore meir lønsamt å panta flasker blir det opplyst frå operasjonssentralen.

Laster Twitter-innhold

Slår alarm om nokon kjem inn med bronse

Det er Stena Recycling As som kjøper bronsespon frå Malm Orstad, dei har i dag hatt møte om saka.

– Dersom nokon kjem her og vil selja bronse varslar me politiet straks, seier filialsjef i Stavanger, Bjørge Tjelta.

Han seier at tjuven ikkje kan ha fått med seg bronse for meir enn 20.000 kroner, dersom han har spadd i om lag ti minutt, slik Møller anslår.

Nå vil bedrifta vurdera betre sikring av metallavfallet.

– Det står allereie godt gøymt under eitt tak, men me må jo sjå på kva me gjer vidare, seier dagleg leiar Bjørnar Huru i Malm Orstad.