NRK Meny
Normal

Slik blir ein sex-butikk teken imot på Jæren

Ein erotisk butikk som tilbyr massasje er ikkje kvardagskost på Jæren. Nå blir det planlagt aksjonar mot butikken.

Video PORNOBUTIKK

Sjå korleis det var under opninga av Jæren sin einaste sex-butikk. Foto: Anders Fehn

Fredag opna Jærens første sex-butikk i Kleppekrossen. Kommuneleiinga med ordføraren i bresjen har vore kritiske, og i nabobutikkane er dei skeptiske.

Då butikken opna kom det berre ein kunde. Men ho hadde til gjengjeld sterke meiningar om oppstyret rundt butikken.

– Bønder

– Folk forbinder berre Jæren med sauer, kyr og masse bønder. Men dette er 2010, så det var kanskje på tida at dette skulle koma, seier den første kunden.

Ho seier at ho kan forstå at mange nok vil tenka at det er flaut å setja bilen utanfor butikken og koma ut med ein handlepose, men det kjenner ho ikkje på sjølv.

– Sjølv kjøpte eit par ting sidan det trass alt er fredag, seier den uredde kvinna.

Stor motstand

Høgreordføraren i Klepp, Elfin Lea, gjekk dagen før opninga av butikken ut i Aftenbladet, og kalla heile butikken ein provokasjon.

– Det er heilt unødvendig å legga noko slikt til Kleppekrossen. Eg trur eg snakkar på vegne av innbyggjarane når eg seier at dette er ein provokasjon, seier han til avisa.

Nå har også Kvinnegruppa Ottar kasta seg på, dei varslar at dei vil ta i bruk alle lovlege aksjonsformer dei kan for å strupa butikken.

Det er særleg at det blir gitt tilbod om massasje folk reagerar på.

Positiv til å driva på Klepp

Sjølv om han måtte venta ei stund på første kunde, er Egidijus Bilevicius positiv til å driva på sex-butikk på Jæren.

– Det blir nok ikkje ein kjempestor «buisness», men eg trur eg vil klara meg greitt, seier butikkeigaren.

Han har ikkje merka meir til motstanden av butikken, enn det som har stått i avisene seier han.