Hopp til innhold

Jærbanen kan bli konkurranseutsett

Strekninga mellom Stavanger og Egersund kan bli drifta av andre enn NSB i framtida. Dei borgarlege meiner det kan gi eit betre togtilbod, medan SV raser.

Tog, Jærbanen

Politikarane frå dei borgarlege partia har stor tru på at tilbodet på Jærbanen blir betre med den nye reforma.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

"Gratulerer til deg som reiser med tog", stod det på løpesetlane som lokale politikarar delte ut på perrongane langs Jærbanen i dag tidleg. Den nye jernbanereforma, som regjeringa lanserte i går, vil også nå strekninga mellom Stavanger og Egersund.

Terje Halleland (Frp), som er varaordførar i fylkeskommunen i Rogaland, meiner auka konkurranse på Jærbanen kan gi togreisande eit betre tilbod.

Terje Halleland

Varaordførarar i Rogaland fylke, Terje Halleland, er positiv til konkurranseutsetting av Jærbanen.

Foto: Frp

– Me håpar at me skal greia å gjera denne strekninga så attraktiv at me får mange tilbydarar. Då stig mangfaldet, og då håpar eg at me greier å skape eit attraktivt tilbod som fleire reisande vil nytte seg av, seier Halleland.

For Halleland har stor tru på at konkurranse kan bidra til at kvaliteten på togtilbodet blir betre.

– Heile intensjonen med reforma er å få til eit tilbod som folk kan lite på og at toget kjem og går når det skal, seier Halleland.

Artikkelen held fram under bilete

Tog-kampanje

Så glade er politikarane frå dei borgarlege partia i Rogaland over at Jærbanen kan bli drifta av andre enn NSB.

Foto: Erlend Jordal

KrF er litt skeptiske

På perrongen i Stavanger stod også representantar frå Krf, dei er ikkje like overtydde om konkurranseutsetting som det Frp er.

– Me er litt skeptiske, men samstundes er me opne for å sjå på ulike moglegheiter for at tilbodet skal bli endå betre, seier Solveig Ege Tengesdal frå Rogaland Krf.

Og at det no kjem ei ny jernbanereforma er dei glade for.

Solveig Ege Tengesdal

Solveig Ege Tengesdal i Krf er litt skeptisk til konkurranseutsetting, men trur tilbodet blir betre med reforma.

Foto: Eigersund KrF

– Me trur det er veldig mykje bra i denne reforma. Å løyve meir pengar til jernbanen trur me er det som skal til å løfte det endå meir.

– Ei rasering av tilbodet

SV i Rogaland meiner derimot at ei konkurranseutsetting av Jærbanen er reine galskapen.

– Eg skjøner det ikkje, Jærbanen er jo den strekninga i landet som fungerer. Ei konkurranseutsetting vil berre rasere dei tilsette sine arbeidsforhold og på sikt også togtilbodet, seier Heidi Bjerga i Rogaland SV.

Ho seier det allereie er vedteke planar for Jærbanen, som vil styrke togtilbodet, utan ei konkurranseutsetting.

Heidi Bjerga

Heidi Bjerga i Rogaland SV er sjokkert over forslaget om å konkurranseutsette Jærbanen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Eit anbudssystem baserer seg på at det er berre der det er mest å hente at ein legg opp tilbodet. Så om det viser seg at det er for få reisande, så kan ein risikera at togstopp blir lagt ned. I tillegg kan ein risikere at dei som er tilsett lokalt i dag mistar jobbane sine, fordi tilbydarane har billegare tilsette i eigen regi, seier Bjerga.