Hopp til innhold

Jærbanen delvis stengt

Same dag som Jærbanen opna etter lange tider med vedlikehald har det på ny blitt sett inn buss for tog på delar av jernbanestrekket. Det var klokka 20.00 det kom inn melding om ein feil ved Vigrestad. Noko som gjer at det nå går buss for tog mellom Varhaug og Brusand. Jernbaneverket jobbar med å fiksa feilen.