NRK Meny
Normal

Regjeringa seier ja til verdas lengste undersjøiske vegtunell

Her seier Magnhild Meltveit Kleppa ja til gigantprosjektet Ryfast. Dermed blir ytre Ryfylke ferjefritt og Kleppa får kortare køyretur heim.

Magnhild Meltveit Kleppa

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) hadde pressekonferanse hos Statens vegvesen i Stavanger klokka 10 på fredag.

Foto: Anders Fehn / NRK

– I dag trur eg det er mange i Hjelmeland, som angrar på at dei ikkje har flaggstong. Eg har allereie gitt meg sjølv oppgåva med det første spadestikket, og det håper eg vil bli i allereie i november.

Det var ei stolt Magnhild Meltveit Kleppa frå Hjelmeland, som i heimfylket sitt i dag sa ja til verdas lengste undersjøiske tunell på vegner av Regjeringa.

Har aldri sett ein grundigare plan

Ryfast er totalt tre tunellar, den eine vil gjera det mogleg å køyra frå Stavanger til Solbakk i Ryfylke, i ein undersjøisk vegtunell på nesten ei og ei halv mil. Det var dei to stør

Dette betyr også at to ferjer blir lagd ned, og tunellen har derfor vore eit stort stridsspørsmål lokalt.

I si framlegging i dag, var det openbart at Kleppa også snakka til motstandarane av tunellen.

– Eg er glad i ferjer, og eg er særs glad i dei som jobbar der. Men ei ferje er ei ferje, og ein veg er ein veg. I dag inviterer Regjeringa Stortinget til å teikna eit nytt kart. Det blir ei ny tid. For næringsliv og for folk i Ryfylke, på Nord-Jæren og for folk i Stavanger by, sa ho.

Kleppa gav også uttrykk for at proposisjonen har rekna med beskjedne tal, for å ha gode margin.

– Eg har vore samferdselsminister i to og eit halvt år. Aldri før har eg har lagt fram ein proposisjon for Stortinget med eit så grundig overslag av trafikktala.

Ryfast

Den lengste tunellen gjer det mogleg å køyra frå Hundvåg i Stavanger til Solbakk i Ryfylke.

Foto: NRK

– Det vil kosta om lag ein hundrelapp

Spørsmålet om kva Ryfast vil kost har vore det som har gitt prosjektet flest motstandarar.

Om kostnadene i dag kunne Kleppa fortelja at styringsrammene for Solbakk- og Hundvågtunellen er 5,22 milliardar kroner.

I kvalitetstryggingsrapporten (KS2) har ein kome til at prisen for ein liten bil vil vera 230 kroner og at prisen for ein stor bil vil vera 690.

– Me har grunn til å tru at dette vil bli lågare, på grunn av at det har blitt rekna med dårlege renter på lånet. Det vil også bli mogleg med rabatt nesten ned i 50 prosent, dermed vil prisen for ein personbil vera nede i om lag ein hundrelapp per passering, sa Kleppa.

Ole Tom Guse

Ordførar i Forsand, her på Ryfast-demonstrasjon, seier at dagen i dag er tragisk for fleire av pendlarane i kommunen hans.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Ho understrekte også at jo fleire enn er i bilen, jo billigare blir det å passera i tunellen. Og dersom det er førar, ein vaksen og to barn i bilen trur ho det vil bli billigare enn dagens ferjealternativ.

– Ein tragisk dag for enkeltpersonar

Ole Tom Guse er ordførar i Forsand kommune. Han har kjempa mot Ryfast etter ein av tunellane som skulle vera med i planen falt vekk.

Argumenta til motstandarane går på auken i kostnader for bilistane som pendlar, i tillegg til auka reisetid.

– Dagen i dag er ei stor utfordring for store delar av pendlarane, og det er ein tragisk dag for enkeltpersonar, seier han til NRK.no.

– Kva meiner du med det?

Det er fleire som pendlar den kortaste vegen mellom Forsand og Sandnes, mange syklar endå til. Når ferja blir lagd ned har ikkje desse moglegheit til å pendla denne ruta lenger. Dermed må dei flytta eller få seg ein ny jobb, seier han.

Han reagerer også på måten Ryfast har blitt handsama på. Han har ikkje fått innsyn i KS2-rapporten. Seinast i går fekk han nok ei avvising frå Regjeringa, der dei argumenterer med vanleg praksis.

Etter i dag vil dei kunne få innsyn i rapporten, men dei tapar viktig tid når dei vil prøva å jobba for å påverka stortingspolitikarane ifølgje Guse.

Kleppa seier ja til Ryfast

Meltveit Kleppa la frem planene hos Statens vegvesen i Stavanger.

Foto: Øystein Otterdal / NRK