NRK Meny
Normal

Ja til opphogging i Vats

I dag gav Vindafjord kommune løyve til storutbygging i Vatsfjorden, trass i krass kritikk frå naboar og miljøvernarar.

AF Decom Offshore i Vats

AF Decom Offshore i Vatsfjorden

Foto: AF Decom Offshore

AF Decom Offshore har dermed fått løyve til å sette i gang sprenging av fjell og utfylling i sjø pluss undervannssprenging og etablering av djupvannskai i Vatsfjorden i Vindafjord kommune.

Klart for Ekofisk

I første omgang skal det byggjast ein rundt 180 meter lang djupvannskai. I tillegg blir det etablert eit utvida areal for mottak og demontering av utrangerte offshoreinstallasjoner fra Nordsjøen.

Denne utbygginga skal vera ferdig innan sommaren 2009, når dei neste installasjonane frå Ekofisk vil kjem til Vats for demontering, sortering og gjenvinning.

Vil ha møte med naboane

- Det at me nå har desse løyva på plass er svært viktig for planane våre om å bygge Europas mest moderne og sikraste anlegg for resirkulering og gjenvinning av utrangerte offshoreinstallasjoner, seier Arne Skogheim, plassjef ved Vats Mottaksanlegg.

Rett over helga byrjar utbyggingsprosessen og i tillegg vil Skogheim kalla inn naboane til eit informasjonsmøte, der planane blir gått gjennom.

Mykje kritikk

Både miljøvernarar og naboar har i lengre tid protestert mot AF Decom Offshore sitt arbeid i Vatsfjorden. Naboane fryktar at det fører til forureining i fjorden. Også Raunes Fiskefarm, som driv med torskeoppdrett, fryktar konsekvensene når utbygginga og sprenginga nå skal byrja i fjorden.