Med 12 mot sju stemmer vedtok formannskapet i Stavanger å gå inn for skjenkeløyve i sal 2 luksussalen og sal 3 VIP-salen i kinoen på Sølvberget.
– Ikkje til å forstå
Det var representantane for Høgre, Framstegspartiet og Venstre som fekk søknaden gjennom.
– Det er klart at kobinasjonen alkohol og barn og ungdom ikkje høyrer saman. Men partia som går imot dette, seier i praksis ja til skjenkeløyvet som i dag er på kaféane på Sølvberget. Det er nesten ikkje til å forstå, seier gruppeleiar for bystyregruppa til Venstre i Stavanger, Per A. Thorbjørnsen.
Tar sjølvkritikk
Arbeidarpartiet, SV, kristeleg Folkeparti og Senterpartiet stemte mot skjenkeløyvet i kinosalane.
Odd Kristian Reme frå Ap tar sjølvkritikk for at partiet var med på akseptera skjenkeløyvet i kaféane på kulturhuset. Han meiner likevel det må setjast grenser for alkoholservering.
– Det er naturleg med alkolfrie arenaer. Kinoen er ein slik arena, seier han.