Hopp til innhold

Har sprunge etter tre butikktjuvar – så langt i år

Ivar Jacobsen opplever tjuveri i butikken kvart år. Han er ikkje framand for å ta opp jakta etter tjuvane sjølv.

– Det var berre å hive frå meg det eg heldt på med og springe, seier Ivar Jacobsen om tjuvjakta han la ut på førre veke.

Det er ikkje første gong han opplever tjuveri i klesbutikken sin Icon i Haugesund.

– Det har blitt nokre løpeturar gjennom 30 år. Sånn har dessverre samfunnet vorte. Vi kan ikkje ha eit samfunn kor sjølvtekt er ein ting vi gjer. Vi må ta kampen, seier Jacobsen.

Ivar Jacobsen, butikkeier Icon

Butikkeigar av Icon i Haugesund, Ivar Jacobsen.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Berre i år har Jacobsen teke tre tjuvar. Kvar gong har han fått tak i tjuvegodset.

– Førebels leiar eg 3–0 over dei løpande tjuvane.

Inneber ein risiko

I 2022 blei det meldt 12.348 butikktjuveri i Noreg. Det er 924 fleire meldingar enn i 2021, viser tal frå politiet.

Politiet i Haugesund synest det er bra at Jacobsen tar ansvar, men presiserer at ein må tenke seg om i slike situasjonar.

– Det er flott at han som butikkeigar engasjerer seg i å finne tjuven og få tjuvegodset tilbake, seier Jarle Utne-Reitan, leiar for etterretning og etterforsking på Haugesund politistasjon.

– Det inneber ein risiko å gripe inn, så ein bør vere trygg på seg sjølv og at ein kan handtere situasjonen. Det er ikkje for alle.

Ivar Jacobsen viser overvåkingsbilder av tyvejakt

Jacobsen viser eit overvakingsbilete som fanga augneblinken han la ut på løpetur etter tjuven.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Denne risikoen har Jacobsen kjent på nært hald.

– Eg vart slått ned den eine gongen og fekk knekt nase og hjerneristing. Det lærte eg litt av, og eg har nok blitt litt meir varsam. Men eg prøver å ha eit myndig kroppsspråk og vere bestemt når eg tar dei.

Måtte ty til plan B

Etter 100 meter fekk Jacobsen ein strekk. Då hinka han tilbake til butikken og sette i gang plan B.

– Dei stikk som regel ikkje så veldig langt. Så eg tok bilen og køyrde nokre rundar i sentrum til eg fann han. Det tok ein halvtimes tid, seier Jacobsen.

Etterpå ringde han politiet, som tok tjuven.

Sjølv om Jacobsen tar opp kampen med tjuvane, meiner han ikkje at dei tilsette i butikken bør gjere det same.

– Eg forventar ikkje at andre skal gjere det same, og dei skal ikkje setje seg sjølv i fare. Men eg fyrer i botn, så eg spring etter dei.

Klesbutikken Icon i Haugesund

Klesbutikken Icon i Haugesund har opp igjennom åra hadde mange tjuvar innom.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Burde vere godt trent

Jacobsen seier han held seg i form og tek vare på kroppen. Ein fordel når han legg ut på tjuvjakt.

– Eg ønskjer ikkje at fysikken min skal bli gammal, så eg trenar ein eller to gonger om dagen, seier han.

For dei neste som vil utfordre Jacobsen til eit kappløp, er oppmodinga klar.

– Dei bør vere i god form og kunne springe lenge, for det kan eg.

Ivar Jacobsen i butikken sin Icon i Haugesund

Jacobsen er tydeleg på at han ikkje forventar at andre tilsette skal setje seg sjølv i fare.

Foto: Thomas Halleland / NRK