NRK Meny
Normal

Stavanger har fått ny biskop

Under gudstenesta i Stavanger domkyrkje i dag, blei Ivar Braut vigsla til ny biskop i Stavanger. Kong Harald var blant dei som var til stades.

Under gudstenesta i Stavanger domkyrkje i dag, blei Ivar Braut vigsla til ny biskop i Stavanger. Kong Harald var blant dei som var til stades.

Ivar Braut blei vigsla til ny biskop i Stavanger i dag.

– Det var ganske sterkt, men ei god oppleving, seier Ivar Braut.

Under gudstenesta i ei fullsett Stavanger domkyrkje søndag, blei han vigsla til ny biskop i Stavanger. Kong Harald var blant dei som var til stades, i tillegg til fleire av dei andre biskopane, og preses i Den Norske Kyrkja, Helga Byfuglien.

– Eg synest han klarte seg fint. Han var prega av stunda, og det skal ein jo vera, for dette er ein veldig spesiell dag, seier Byfuglien.

Vil vera tydeleg

61-åringen frå Sandnes tek over embetet etter Erling J. Pettersen, som har sete som biskop sidan 2009.

Den nye biskopen kjem frå stillinga som sokneprest i Birkeland kyrkjelyd i Bergen, der han har vore dei siste 16 åra.

Kva slags biskop blir du?

– Eg håpar at eg skal vera tydeleg, og så håpar eg at eg får ulike fløyer i kyrkja til å snakka godt saman, og ha tillit til kvarandre, trass usemje, seier Braut.

Domkirken i Stavanger

Det er fullt i Stavanger domkyrkje i dag. Under gudstenesta skal Ivar Braut bli vigsla til ny biskop.

Foto: Anders Fehn / NRK

Kontroversielt val

Ivar Braut har eit ønske om å bli ein brubyggjar, men valet av han som ny biskop i Stavanger har skapt splid.

Han blei vald til ny biskop på årsmøtet til Kyrkjerådet i desember i fjor, med åtte mot fem røyster.

Valet var kontroversielt, for Braut blir rekna for å vera konservativ, og vil sjølv ikkje via likekjønna. Likevel blei han vald, trass i at den liberale organisasjonen Åpen folkekirke har fleirtal i rådet. Valet skapte splid innanfor Åpen folkekirke i etterkant.

Hovudpersonen sjølv tek det heile med ro.

– Det vil nok visa seg at eg ikkje er så omstridd, seier Braut.

Ivar Braut

Ivar Braut er Stavanger sin nye biskop, han tek over etter Erling J. Pettersen.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix