IVAR-brannen: Kan ta år før ein er i ordinær drift
– No må vi først få oversikt over skadane, seier Administrerande direktør i IVAR, Ingrid Nordbø.
Ho fortel at det, i alle fall ifølgje første inspeksjon, ser ut som at brorparten av bygningsmassen er intakt og lite skadd.
Politiet har enno ikkje vore inne i bygget og undersøkt åstaden. Taket er enno for ustabilt til at det er trygt.
– Kor lang tid snakkar vi om før de kan vere attende i ordinær drift, slik det var før brannen?
– Det tør eg rett og slett ikkje spekulere i, det er mange forhold som spelar inn. Vi treng litt tid på våre utgreiings- og avgjerdsprosessar. Vi har ein leverandørmarknad i verda som er litt ustabil, og vi veit ikkje heilt kva leveringstida er på ulikt utstyr som vi treng.
– Men det kan gå fleire månadar?
– Det vil gå fleire månadar, kanskje år, seier Nordbø.