Hopp til innhold

– Dette er juks og bedrag, meiner kunden som trudde ho kjøpte norske nypoteter

SOLA (NRK): Partiet med nypoteter frå Israel er for dårleg merka, innrømmer Bama. No blir posane trekte frå marknaden.

Marcela Molina trodde hun hadde kjøpt norske nypoteter, men med nærmere ettersynd viste de seg å være bare være pakket i Norge, med dyrket i Israel.

Marcela Molina trudde ho hadde kjøpt norske nypoteter, men med nærare ettersyn viste dei seg å vere berre vere pakka i Noreg, med dyrka i Israel.

Foto: Hilde Torgersen / NRK

– Det var heilt umogleg å sjå at dette var israelske poteter. Eg brukte ti minutt på å leite etter norske, og trudde eg hadde fått bingo, seier Macela Molina.

Ho ville ha norske nypoteter til helgemiddagen. I butikken brukte ho god tid på å velje poteter. Då ho kom heim, oppdaga ho likevel at potetene i posen frå Huseby gard i Lier berre var pakka der, men kom frå Israel.

MEd svært små bokstaver står det at opprinnelsesland er Israel.

Med svært små bokstaver står det at opprinnelsesland er Israel.

Foto: Hilde Torgersen / NRK

– Dette er juks og bedrag, og dårleg gjort overfor brukarane. Eg vil gjerne velje norsk og lokal mat, og eg kjøper absolutt ikkje israelske poteter av politiske grunnar.

Molina la eit bilde av posen på Facebook-sida si og har fått svært mange tilbakemeldingar om at andre har opplevd det same.

– Eg har fått sms-ar, telefonar og førespurnader frå andre som seier dei har same problem.

Bondelaget vil ha betre merking

Leiar i Rogaland bondelag, Marit Epletveit, seier forbrukarar føler seg lurt når dei kjem heim med eit anna produkt enn det dei trur dei har kjøpt.

– Det er utruleg irriterande. Vi jobbar for å få god merking av produkta våre slik at det skal vere lett å velje norsk.

Ho har sjølv sett feilmerking i butikken, og gitt beskjed om dette.

Eit problem for mange produkt

Leiar i Stortingets næringskomite, Geir Pollestad (Sp), meiner at dette er eit problem som går igjen, og at han har opplevd det same i butikken.

Geir Pollestad

Geir Pollestad (Sp)

Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen

– Dette er heilt uakseptabelt. Når forbrukarane ser ein pose med frukt eller grønsaker, så skal det ikkje vere tvil. Viss posen ser ut som at innhaldet er norsk, så skal innhaldet vere norsk.

Han fryktar at respekten for norske produkt blir undergravne.

Sjølv om det er produsenten som er ansvarleg for merkinga, meiner Pollestad at butikkane og matvarekjedene må gi beskjed til leverandørane sine at dei må ha skikkeleg merking.

– Både for å hindre tvilsam og feilaktig merking.

Butikksjefen er samd

Marcela Molina hadde opna posen før ho oppdaga at det var israelske poteter. Ho drog likevel tilbake, og kravde pengane igjen. Det fekk ho umiddelbart.

Butikksjef Henrik Molinder ved Meny i Sola.

Butikksjef Henrik Molinder ved Meny i Sola.

Foto: Hilde Torgersen / NRK

Butikksjef Henrik Molinder ved Meny i Sola er samd i at merkinga ikkje er god nok. Regelen er at potetene skal vere merkt med opphavsland i utheva skrift. Denne posen er merkt, men med mikroskopiske bokstavar.

– Eg er veldig samd, merkinga er ikkje god nok på denne pakken. Dette skal vi ta opp direkte med leverandøren, seier Molinder.

Blir trekt frå marknaden

Det er Huseby gard som har teke eit sporadisk oppdrag med å pakke potetene. Medeigar Amund Huseby seier dei ser at merkinga er misvisande.

– Dersom vi får eit slikt oppdrag igjen, vil vi bruke kvite nøytrale etikettar.

Det er grossisten Bama som har levert partiet med poteter til Meny-butikkane. Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Bama, Pia Gulbrandsen seier potetene som blir leverte frå dei skal vere godt og riktig merkt.

Portrett av Pia Gulbrandsen i Bama.

Pia Gulbrandsen, direktør kommunikasjon og samfunnskontakt i Bama.

Foto: Bama

– Vi har handla eit lite parti frå Huseby gard som har pakka og merka produktet. Eg ser at det er forvirrande når logoen blir slik brukt han gjer, derfor tømmer vi no hyllene for desse produkta.

– Bama vil vere ekstra påpasselege med merkinga i framtida slik at det ikkje kan misforståast, seier Gulbrandsen.