Hopp til innhold

Smarttelefonen har gjort livet lettare for synshemma

I dag er det ti år sidan den første Iphonen blei lansert. Den har betydd mykje for mange, men for fleire synshemma har den endra livet.

Iphonen er ti år. For mange blinde har den revolusjonert kvardagen.

Med smarttelefonen kan Vibeke Kaarstad enkelt sende e-post, og betale rekningar i nettbanken.

– Eg kan ikkje hugsa korleis det var før, seier leiar i Blindeforbundet i Rogaland, Vibeke Kaarstad.

Ho har vore blind i over tjue år, men i hendene held ho telefonen som i løpet av dei siste åra, for alvor har endra kvardagen hennar.

– Den kjem på andreplass av dei hjelpemidla som eg brukar. Førarhunden kjem først.

Ti år sidan lanseringa

I dag er det ti år sidan den første Iphonen blei lansert. Sidan då har nye funksjonar kome til, og i dag kan synshemma ved hjelp av telefonen få gjort fleire kvardagslege gjeremål på eige hand, som til dømes å bruke nettbank, finne dei rette varene i butikken og surfe på nettet.

– Eg brukar Iphonen til absolutt alt. Eg skriv e-postar, får engelske dokument omsett, og eg kan finna ut når sonen min skal spela kampar, seier Kaarstad.

– Berre det å gå på sosial medium, og internett kunne eg ikkje gjera før. Men no er det berre å gå inn på Iphonen.

Apple iPhone 3G

29. juni 2007 blei den første versjonen av Iphone lansert.

Synshemma har blitt meir aktive

Ei ny undersøking som Opinion AS har utført på oppdrag for Norges Blindeforbundet viser at 62 prosent av dei synshemma som brukar smarttelefon har fått eit meir aktivt liv.

Samtidig kjem det fram at det framleis er mange synshemma som ikkje har ein smarttelefon. I aldersgruppa 60 til 80 år svarer heile 54 prosent at dei ikkje har ein slik telefon.

Blindeforbundet meiner mangel på opplæring er ein av hovudgrunnane til at fleire synshemma ikkje tek i bruk den nye teknologien.

Meir tilgjengeleg med smarttelefon

Men for Kaarstad har smarttelefonen blitt ein like naturleg følgjesvein som førarhunden, og det har endra livet hennar.

– Eg har blitt meir tilgjengeleg. Eg som er aleinemor er mykje heime på grunn av sonen min. Men viss eg vil chatte med nokon no så går eg berre inn på Facebook.