I dag lanserte Norges idrettsforbund planane om ei årleg NM-veke frå og med neste år.
– Planen er å samla norske meisterskap som ein kanskje vanlegvis ikkje ser på TV, slik at dei blir meir synlege og får større flater til å visa seg fram og rekruttera fleire utøvarar, seier Dag Oliver, som er prosjektleiar i Norges idrettsforbund.
Dermed kan ein få sjå alt frå finalar i badminton til BMX over ei komprimert idrettsveke.
NRK, som har vore med på planlegginga av konseptet, vil også dekka NM-finalane.
Sportsredaktør i NRK Egil Sundvor (t.v.), idrettspresident Tom Tvedt, Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø, Sandnes-ordførar Stanley Wirak, Toril Lende Fjermestad frå Rogaland idrettskrets, leiar i Stavanger idrettsråd Arne Thorsen Eie, fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal, leiar for særforbunda i idrettsforbundet, Terje Jørgensen, Randaberg-ordførar Kristine Enger, Rune Røyksund i Rogaland idrettskrets, Anette Larsen Bognø i Region Stavanger, Karton Nilsen frå Sørmarka flerbrukshall og Sola-ordførar Ole Ueland var nokon av dei som var på plass i Sørmarka Arena for å meisla ut planane for NM-veka 2018.
Foto: Kaj Hjertenes / NRK– Publikumsvenleg mini-OL
– Dette blir eit mini-OL som blir veldig bra TV. Me ønsker å løfta fram breidda i norsk idrettsliv. Enkeltvis står ikkje desse idrettane spesielt godt fram, men saman er sjansen stor for at dei kan gjera det, seier Egil Sundvor, sportsredaktør i NRK.
Det er allereie bestemt at NM-veka dei to første åra skal arrangerast i Stavanger-regionen. Då er det mellom anna symjeanlegget Gamlingen, Sørmarka arena, BMX-banen på Sviland, jærstrendene og skateparken på Tasta ting skal skje.
TIl neste år har allereie 20 særforbund vist interesse for å bli med, medan det i 2019 er venta at meir enn 40 særforbund kjem til å melda seg på.
KLATRING: Klatreforbundet har vist interesse for å vera med. Her frå NM i klatring i Orkdal 2016.
Foto: Ragnhild TrondvollRUGBY: Rugbyforbundet er eit av særforbunda som har vist interesse for å vera med. Her er det Bodø Barbarians som er i aksjon.
Foto: Kent GrundstadSvensk konsept
Ideen er henta frå Sverige der det blir arrangert SM-finalar i opp mot 250 ulike idrettsgreiner over ei veke (neste gong i mars). Der har dei arrangert folkefesten heile seks gonger.
SVT dekker arrangementet, og Finland skal også ha vist interesse for å laga ei liknande veke.
Her er høgdepunkta frå SM-veckan 2017. (Med løyve frå SVT).