Hopp til innhold

Kommunar skal læra å ta i mot einslege mindreårige flyktningar

Det er venta 1000 mindreårige flyktningar under 15 år i løpet av året. Men få norske kommunar vil ta dei imot.

Mindreårige asylsøkere

4.900 asylsøkere kom til Norge i september, blant annet disse to guttene fra Eritrea, som kom med en buss fra Malmø i Sverige. På landsbasis har berre 37 av landets 428 kommunar busett flyktningar under 15 år i 2015.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Behovet for å ta imot mindreårige flyktningar her i landet er stort. Ifølge UDI er det venta om lag 1000 mindreårige flyktningar under 15 år i løpet av 2015, noko som fører til eit stort behov for fosterforeldre.

Mohammad Baqer Zahedi (18) kom frå Iran til Norge som 15-åring. Han fekk plass i eit butilbod på Madla i Stavanger, og lærte seg gradvis norsk og den norske kulturen.

Mohammad Baqer Zahedi

Mohammad Baqer Zahedi (18) kom frå Iran til Norge som 15-åring.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Eg lærte mykje i denne tida. Ein god del grunnleggande ting som er viktige for å kunne bu åleine.

Men få kommunar tar imot dei som kjem til landet, litt yngre enn Zahedi. På landsbasis har berre 37 av landets 428 kommunar busett flyktningar under 15 år i 2015. I Rogaland er det berre Stavanger som tar imot einslege mindreårige flyktningar yngre enn 15 år.

Inviterer til samtalar

Regiondirektør Øistein Søvik i Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) trur det kan vera fleire årsaker til at kommunane er tilbakehaldne med dette.

Øistein Søvik

Regiondirektør Øistein Søvik i Bufetat.

Foto: Privat

– Det veldige auken i talet på barn har kome brått på både oss og kommunane. Eg trur også mange kommunar ikkje har meldt seg fordi dei kanskje manglar informasjon om kva det inneber i praksis å ta imot mindreårige flyktningar. Derfor inviterer vi gjerne til samtalar om dette.

Søvik seier flyktningbarna treng både bufellesskap og fosterheimar i kommunane.

– Mange av desse har reist frykteleg langt. Nokre har store traume, andre ikkje fullt så mykje. Det gjer behova varierande, men alle treng omsorg og stabilitet.

Fostermor: – Alle har eit ansvar

Rebekka Stangeland Bjørkli

Rebekka Stangeland Bjørkli er fostermor for Mohammad Baqer Zahedi.

Foto: Anders Fehn / NRK

Eigersund kommune er blant kommunane som ikkje tar imot mindreårige flyktningar under 15 år. Men kommunen har heller ikkje blitt bedt om å gjera det av UDI, ifølge barnevernsleiar i Eigersund, Tove Ørsland.

– Me har imøtekome vår oppmoding frå UDI, per i dag kjenner eg ikkje til at me er oppmoda å ta imot dei under 15, seier ho.

Rebekka Stangeland Bjørkli er fostermor til 18 år gamle Mohammad Baqer Zahedi. Ho meiner det er viktig å hjelpa i tida me nå er inne i.

– Eg tenker at alle har eit ansvar for å hjelpa i ei krise som nå. Nå har dei som sit på gjerdet høve til å bidra, spesielt dei som tenker på å bli fosterforeldre.