SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Braathens-delen av dei kabintilsette i SASBraathens er ikkje lenger i streik eller streikefare. Dette påvirkar så langt ikkje flytrafikken til og frå Stavanger og Haugesund.
Dersom streiken til SAS-delen av dei kabintilsette blir avblåst i løpet av kvelden, kjem dette til å betre flytrafikken. Sett vekk i frå morgonflya frå Haugesund til Oslo.
Ikkje nok fly
Dei to fyrste avgongane frå Haugesund til Oslo er innstilt.
- Det har ikkje kome inn nok fly her i kveld til at me kan fly desse flya, streik eller ikkje, fortel stasjonssjef for SASBraathens Ove Tungesvik på Karmøy.
Han fortel at morgonflyet til Bergen går som normalt.
Sola har flydd inn ekstra fly
På Stavanger lufthavn, Sola har dei fått flydd inn ekstra fly til morgontrafikken fredag.
- Kva fly som går kjem an på korleis forhandlingane mellom Norsk Kabinforening og SASBraathens leiinga utviklar seg, seier stasjonssjef Geir Sømme.
Ingen av dei kabintilsette på Sola er lenger i streikefare, for alle desse er tidlegare Braathens-tilsette. Men alle fly korresponderer med andre flyplassar, difor er Sola likevel ikkje fritekne frå å bli råka av fortsatt streik.