NRK Meny
Normal

Trur flyktningane kjem til å få det godt i Sauda

Frå desember av skal om lag 150 flyktningar busetjast i asylmottak i Sauda. Innbyggjarane er positive, og mange av innbyggjarane er glade for at kommunen tek sin del av ansvaret.

 Merhawi Berhane Araya

– INGEN ANDRE STADER EG HELLER VILLE VORE: Merhawi Berhane Araya trivst godt i Sauda.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Verda er inne i den verste flyktningkatastrofen sidan andre verdskrig, og så langt i år har 18.000 personar søkt om asyl i Norge. Sauda kommune skal frå desember busetja 150 av dei i asylmottak.

Tor Brekke

JOBBAR MED Å FINNA HUS: Tor Brekke, administrerande direktør i Hero Norge.

Foto: Alf Vidar Snæland

– No jobbar me med å inngå leigekontraktar med ulike huseigarar i Sauda kommune. Me ønskjer å samla det mest mogleg i sentrumsnære område, seier Tor Brekke, administrerande direktør i Hero Norge.

Trur det går bra

Merhawi Berhane Araya er opphavleg frå Eritrea, men kom til Sauda for fire år sidan som flyktning. No eig og driv han verksemda Sauda vaskeri og har det godt i bygda.

– Saudafolka er snille. Eg trivst veldig godt her, seier han.

Han trur det kjem til å gå bra når flyktningane kjem til kommunen. Sjølv har han ingen andre plassar han heller kunne tenkt seg å vera.

– Eg har ingen planar om å flytta frå Sauda.

Merhawi Berhane Araya

KOM FOR FIRE ÅR SIDAN: No driv Merhawi Berhane Araya verksemda Sauda Vaskeri.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Forstår at dei må hjelpa

Det er fleire enn Araya som trur dette kjem til å gå bra. Inntrykket NRK får av dei innbyggjarane me treff i Sauda, er at dei er positive og har forståing for at også Sauda må hjelpa til:

  • «Eg tykkjer det er eit godt tiltak.»
  • «Eg trur me skal klara det.»
  • «Me må berre prøva så godt me kan.»
  • «Eg syns det er greitt at dei kjem, og me må ta i mot dei. Eg er fødd under krigen sjølv, så eg veit korleis det er.»
  • «Det er heilt naturleg at me skal stilla opp for flyktningane no.»
  • «Det kan no vera bra, det, men me må få integrera dei slik at dei kan koma seg i arbeid. Det er vel det som er det store problemet. Og så må dei læra norsk.»

Forstår at nokon er uroa

Hero Norge skal etter planen etablera eit såkalla desentralisert asylmottak, noko som betyr at flyktningane skal bu i hus og leilegheiter rundt om i heile kommunen. Ifølgje Brekke i Hero treng dei mellom 15 og 20 hus, og dei skal tilsetta sju personar til å jobba med flyktningane. For lokalbefolkninga vil det bli heldt eit informasjonsmøte i næraste framtid.

– Me legg stor vekt på at folk har mange spørsmål, og nokon er også uroa. Det er viktig for oss å møta dei på ein god måte, og gi god informasjon om korleis me jobbar og kva det inneber å vera vertskommune og ha eit asylmottak i sitt lokalsamfunn, seier Berge.