Innbyggjarane i regionen får skryt

Denne veke me nå er inne i kjem til å bli avgjerande for kva som skjer med koronasmitten her i fylket. Det seier smittevernoverlege ved SUS, Jon Sundal. Han skryt av innbyggjarane i regionen fordi dei tar alvorleg signala frå styresmaktene.

Måndag 16. november har leiinga ved Stavanger universitetssjukehus invitert til ei presseorientering om koronasituasjonen.