Hopp til innhold

Prøvde å stela ammunisjon frå militærleir

Med truck prøvde innbrotstjuvar i natt å ta seg inn i Forsvaret sitt våpenlager på Vatneleiren i Sandnes. – Inne i våpenlageret var det ammunisjon, seier oberst Rolf Wold.

Vatneleiren

Vatneleiren er tysdag morgon stengt. Politiet er inne på området og etterforskar åstaden.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

truck

Med denne trucken prøvde tjuvane å ta seg inn i ammunisjonslageret.

Foto: privat

Klokka halv seks tysdag morgon gjekk innbrotsalarmen på Vatneleiren i Sandnes, der Forsvaret sitt Heimevernsdistrikt 08 held til.

Då politiet kom på staden kunne dei konstatera at tjuvar har prøvd å ta seg inn i våpenlageret på militærleiren med truck, men at dei ikkje kom seg inn i lageret.

Ammunisjon i lageret

– Eg vil ikkje gå inn på kva me har i dei ulike lagera, men eg kan sei at det definitivt ikkje var våpen der inne, seier oberst og sjef for HV08 på Vatneleiren, Rolf Wold, til NRK.no.

Seinare tysdag føremiddag stadfestar han at det var ammunisjon inne på lageret. Forsvaret lagrar aldri ammunisjon og våpen same stad.

Wold vil ikkje sei kor store mengder ammunisjon det er snakk om, eller kva type våpen ammunisjonen høyrer til. Men han opplyser om at det er forsvaret sin eigen truck som er brukt. Med andre ord har dei først klart å stela ein av desse.

– Kor alvorleg ser Forsvaret på at folk prøver å bryta seg inn i ein militærleir?

– Det er alvorleg at folk prøver å bryta seg inn med vonde hensikter, anten det er i militæret eller i det sivile. Det er svært synd at me har slike tilstandar i området her.

Etterforskar saka

Ifølgje politiet kutta tjuvane over leidningane til overvakingskameraet før dei sette i gang. Likevel kan dei ha hamna på andre kamera.

– Me kjem til å gå gjennom alle kamera me har her på leiren for å sjå om det er informasjon. Men dette blir ein del av den vidare etterforskinga som politiet gjer, seier Wold.

Forsvaret hjelper nå til med det dei kan i politiet si etterforsking, som held fram utover dagen.

I tillegg kjem Forsvaret til å sjå på tryggleiksrutinane sine, og om desse har vore gode nok.

– I utgangspunktet er ingenting stole, og varslingsanlegget me har knytt til lagera våre ser ut til å ha fungert slik dei skulle. Men når det er sagt må me sjå nærmare på kva som har skjedd i detalj, avsluttar Wold.

Med truck prøvde innbrotstjuvar i natt å ta seg inn i Forsvaret sitt våpenlager på Vatneleiren i Sandnes. – Inne i våpenlageret var det ammunisjon, seier oberst Rolf Wold.

SJÅ VIDEO: Oberst, Rolf Wold, fortel om innbrotsforsøket. (Foto: Kaj Hjertenes)

Vil ha tips frå publikum

Det er Sandnes politistasjon som etterforskar saka, og etterforskingsleiar Odd Reisæter, kan fortelja at dei er i gang med å sikra bevis i saka.

Odd Olav Reisæter

Odd Olav Reisæter er etterforskingsleiar på Sandnes politistasjon. Han seier at politiet er interesserte i tips, etter innbrotsforsøket.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

– Me har framleis ingenting konkret å gå etter, men er i gang å sikra spor på åstaden.

– Var tjuvane ute etter militæret sine våpen?

– Det kan me ikkje utelukka, seier Reisæter.

Førre veke blei kjøpesenteret Kvadrat utsett for eit grovt og planlagt innbrot i Sandnes. Reisæter ser likevel ingen samanheng mellom dei to hendingane.

– På dette tidspunkt er det ingenting som knyter dei to hendingane saman, seier han.

Reisæter legg til at dei er interesserte i tips frå publikum om saka.

– Me er interesserte i observasjonar i Vatne-området i tida mellom 04.30 og 05.30. Både observasjonar av bilar og personar utan bil, seier han.

Vatneleiren

Vatneleiren frå lufta.

Foto: Google maps